ER DET IKKJE BERRE Å BESTEMME SEG?

Kjære folk!

Det har vore mykje kaos rundt oss dei siste dagane. Hans har herja med folk i kommunen min. Ål kommune sine tilsette og frivillige av alle slag har stått på for at dette skulle gå så bra som mogeleg. Me har fått lov til å flytte heim att, er takksame og har det bra. Men tre bustadhus er tatt av jordskred og mange andre har fått store skader på heimen sin. Dette er både vondt og vanskeleg og etterarbeidet vil nok bli krevjande på alle plan.

Det er sterke krefter i sving når store mengder vatn tek nye vegar. Her har bekken lagt frå seg fleire visittkort i hagen vår. Dette er for småtteri å rekne samanlikna med det andre står i. 

Men no er eg budd på å skrive om heilt andre ting enn ekstremvêret. I dag spør eg «Er det ikkje berre å bestemme seg?» Og mellom avsnitta vil eg putte inn bilete frå nokre fine stunder eg har hatt denne sommaren. Eg legg altså flaumen og vêret unna for ei stund og let tanken surre rundt noko heilt anna.

Fortsett å lese «ER DET IKKJE BERRE Å BESTEMME SEG?»

BILETBØKER, KLINKEKULER OG FORVENTNINGAR TIL ALDERDOMMEN

Kjære folk!

Her ei natt kom det litt snø i Holmestrand. Litt pyntesnø. Trass i at det var lyst og ganske vakkert rundt meg, var eg både sint og engasjert her på bloggen min i går. I dag har det meste av den kvite pynten smelta, me er attende til barmark og eitt par varmegrader, men eg har roa meg. Eg har bøker å lese, opplevingar å hugse og tankar å tenkje.

IMG_4561
I tilfelle det ikkje kjem meir snø denne vinteren, tok eg eit bilete av det som var.

Fortsett å lese «BILETBØKER, KLINKEKULER OG FORVENTNINGAR TIL ALDERDOMMEN»

GLEDESOPPSUMMERING

Kjære folk!

Det er en uke siden jeg sist la ut noe på bloggen min og dette er foreløpig det siste innlegget om små og store gleder. Neste uke starter jeg med et nytt tema, som jeg tror vil finne sin helt naturlige plass i månedskiftet august/september i år. Siste innlegg om glede betyr også siste utsiktsbilde for nå.

IMG_3706
Jeg var veldig tidlig oppe i dag. Her er hva som møtte meg klokka 05:27.

Den tyske filosofen Stefan Klein har i ei bok kalt «Lykkeformelen» gjort en gjennomgang av seriøs lykkeforskning. Det viser seg at vi blir gladere av å lage en pizza fra bunnen av enn av å kjøpe en ferdigpizza. Vi blir gladere av å gi bort noe enn av å kjøpe noe til oss selv og vi blir gladere når vi er sammen med folk som står oss nær enn av å være på fest med hundre bekjente.

Fortsett å lese «GLEDESOPPSUMMERING»

SISTEMANN PÅ REDSLELISTA

Kjære folk!

Eg får litt panikk når eg tenkjer på at det er meir og meir vanleg at denne heilt ufarlege, men veldig ekle gjesten flyttar inn i norske heimar. Han er avlang, hårete, har lange antenner framme og haletrådar bak. Han er hardfør, aktiv om natta og omtrent umogeleg å bli kvitt. Lat meg få presentere herr Skjeggkre:

IMG_2935
Eigentleg ikkje noko å dere redd for, men … 

 

Fortsett å lese «SISTEMANN PÅ REDSLELISTA»