SISTEMANN PÅ REDSLELISTA

Kjære folk!

Eg får litt panikk når eg tenkjer på at det er meir og meir vanleg at denne heilt ufarlege, men veldig ekle gjesten flyttar inn i norske heimar. Han er avlang, hårete, har lange antenner framme og haletrådar bak. Han er hardfør, aktiv om natta og omtrent umogeleg å bli kvitt. Lat meg få presentere herr Skjeggkre:

IMG_2935
Eigentleg ikkje noko å dere redd for, men … 

 

Han kjem seg ofte inn i heimen saman med dei pappaskane me får store sendingar i. Det er altså eit godt råd å pakke opp ute og kaste pappen.

Dersom desse ekle kreka fyrst har kome seg inn, må det kjemisk sanering til for å bli kvitt dei.

Miljødirektoratet har gitt grønt lys for bruk av insektmiddel mot kakerlakkar for å kjempe mot problemkrypa. Folkehelseinstituttet har også eit pågåande forskingsprosjekt for å finne produkt og metodar mot problemet.

Dette får vere nok redsler for denne gongen. Eg avsluttar temaet med ei slags oppsummering:

Av og til
er eg så redd
for alt
og for ingenting
redd for det
eg skulle ha gjort
redd for det
som kjem
redd for vinden
den bur på loftet
og for mørkret
som luskar bak gardinene
for alt som
gøymer seg
bak alle stengde dører

Aller mest redd
er eg
for alt eg ikkje veit
og alt eg ikkje styrer
mest for det vesle
eg kan alt om
minst for det store
eg ikkje forstår

Slik kan det kjennast sjølv, om eg veit at røynda er som teikninga under her viser:

IMG_3361

Då ynskjer eg å roe det heile ned med noko vakkert. Her er elva Votna som renn gjennom Vats og Leveld i Ål kommune.

IMG_3170

Frå neste innlegg av og heile sommaren gjennom, skal eg konsentrere meg om alle gledene. Og det er ikkje få.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: