Kjære folk!
Det hender sjølvsagt at eg snublar i det som ligg bak meg, slikt som eg trudde eg var ferdig med for lenge sidan. Det finnes dagar då eg går på trynet i gamle kjensler. Desse fortel heilt sikkert viktige ting om meg sjølv og signaliserer noko om den vegen eg har gått for å få til meg sjølv slik eg er i dag, men eg likar ikkje å lande oppi dei for det. Av og til skal det så lite til før det ryk ein maske i det stoffet eg er gjort av. Ein gong i blant raknar det litt før eg får stansa det. Innimellom kan ein slengmerknad vere nok, sjølv om eg veit at avsendaren berre meinte å vere morosam.

Me vil jo alle så gjerne vere glade. Me ynskjer ikkje at vanskelege tankar skal få stor plass i liva våre, sjølv om me veit at slik vonde kjensler er av det slaget me må lytte til dersom me skal klare å ta vare på oss sjølv.
Me ynskjer at kvardagen skal vere ein fin stad å opphalde seg. Heile livet har me øvd oss på å få til desse kvardagane. Som oftast kanme kvardagar. For meg er dette dagar då stresset er overkomeleg, eg veit kva eg skal og har oversikt over kvar alt er – og det er slik eg helst vil at livet skal vere.
No framover ei stund vil eg prøve å finne ut kva som gjer kvardagen god og kva eg sjølv bør bidra med for å oppretthalde denne kjensla av å glede meg over dette vesle livet som er mitt.
Eg vil ikkje skrive om lukke. Det ordet vert for stort, for slitsamt å fylle og for mykje å krevje. Eg er fornøgd med å vere litt glad og hugse på å kjenne etter når gleda kjem.
Det nyttar ikkje
å springe frå ho
eller etter
for ho
skal ingen stader
Det hjelp ikkje
å rope høgt
for ho
høyrer ikkje
Ho berre sit og er
inderleg lita
medan ho ventar
Den vesle gleda er
der
sit og smiler
spørjande og
vil bli funnen
vil bli stor.
Ein ting eg veit gjer meg godt, er å ta meg tid til å sjå på landskapet der eg bur eller der eg er på vitjing. Eg likar å plassere meg sjølv i det eg ser, vere liten i det store og undre meg over korleis alt heng saman.

Eg har tenkt å starte elle desse vere-glad-innlegga med eit bilete frå utsikt eller landskap der eg vaknar den dagen, eller der eg såg himmelen møte fjellet eller havet dagen før. Kanskje dette kan motivere fleire til å ta seg tid til å nyte eigne naturopplevingar.
Eg gler meg til å skrive om glede.
Helsing frå K-M