Kjære folk!
I dag er eg så heldig at eg kunne vakne til denne utsikta. Eg har nemleg overnatta hos barnebarna mine i natt. Kan det bli betre? Ja, de skulle berre ha sett korleis det ser ut i solskin.
Men over til dei gledene eg hadde tenkt å skrive om i dag. For å kunne bli glad, må eg av og til rydde opp litt i ordbruken.
I det siste har det liksom ikkje vore bra nok å snakke om at ein har eit problem. Det heiter ikkje problem no lenger, heretter heiter det utfordring! Men kva er ei utfordring? For meg er det ein diffus, grå, stor og ganske illeluktande klump, ei tung bør som eg ikkje veit korleis eg skal handtere. Gje meg heller noko meir konkret som eg kan ta meg av på skikkeleg vis.
Eg foreslår at me sluttar å snakke om utfordringane våre og at me byrjar å ta for oss problem og oppgåver.
- Eg har eit problem
- Uff då, det var ikkje bra. Ser du inga løysing?
- Nei, det er derfor det er eit problem.
- Kva har du tenkt å gjere med det då?
- Det er ikkje noko meir eg kan gjere. Det er uløyseleg.
- Me kan godt prate meir om det dersom du ynskjer det.
- Kva skal det tene til? No har eg fortalt det. Eit problem blir ikkje mindre sjølv om eg syt og klagar.
- Nei, det er vel så.
Då har me definert eit problem: Eit problem klarar me ikkje å finne ei løysing på. Dersom det ikkje finnes ei løysing, er det inga hjelp i å syte og klage.
Ei oppgåve derimot, den har ei løysing.
Ei oppgåve kan me rekne ut svaret på, gjere ferdig eller gjennomføre tiltak for å sluttføre eller nå eit mål me har sett oss. Her er nokre eksempel på problem, som ikkje er problem fordi dei kan gjerast om til oppgåver:
- Det regnar inn gjennom taket på loftet.
- Kjolen min er altfor stor.
- Eg er i for dårleg form.
- Hagen ser ut som ein urskog.
- Eg snusar for mykje.
Kan nokon kome med eit eksempel på ei utfordring som verken er eit problem eller ei oppgåve?
Eg elskar denne plakaten (som eg dessverre ikkje hugsar kvar eg såg, men det var på ein vegg ein stad):
Eg har ikkje utfordringar, og eg har heller ikkje tenkt å skaffe meg slike framover.
Eg har eitt par problem, som eg helst ikkje snakkar om i utide.
Eg har oppgåver som eg prøver å løyse.
Det at eg har det slik, gjer meg litt gladare.
Helsing frå K-M
Interessante vinklinger du har 😊
LikerLikt av 1 person
Det liker jeg at noen mener!😊 Takk, takk!
LikerLiker