HØYRESANSEN

Kjære folk!

Høyr berre her kva slags artig innretning høyrselen er: Den oppstår når flimmerhåra i øyret omset trykkbylgjene i lufta til lyd. Inne i øyregangen, bak trommehinna, finn me sneglehuset. På denne beinspiralen sit det ti tusen hårceller som er klare til å vogge fram og attende så snart me skrur på radioen eller set på yndlingsmusikken. Då byrjar dei å sende elektriske signal gjennom høyrslenerva og inn i hjernen. Det er berre ein einaste måte beskrive dette på: Fantastisk!

Hæ? Ja, eg veit det. Eg seier det veldig ofte. Men om det er fordi eg ikkje høyrer eller fordi eg ikkje høyrer etter, det veit eg ikkje sikkert. Kanskje eg burde ha sjekka det der, eller kan det vere at eg ikkje er ein god nok lyttar?

IMG_2277
Øyret er eit fantastisk instrument.

Fortsett å lese «HØYRESANSEN»