Kjære folk!
Høyr berre her kva slags artig innretning høyrselen er: Den oppstår når flimmerhåra i øyret omset trykkbylgjene i lufta til lyd. Inne i øyregangen, bak trommehinna, finn me sneglehuset. På denne beinspiralen sit det ti tusen hårceller som er klare til å vogge fram og attende så snart me skrur på radioen eller set på yndlingsmusikken. Då byrjar dei å sende elektriske signal gjennom høyrslenerva og inn i hjernen. Det er berre ein einaste måte beskrive dette på: Fantastisk!
Hæ? Ja, eg veit det. Eg seier det veldig ofte. Men om det er fordi eg ikkje høyrer eller fordi eg ikkje høyrer etter, det veit eg ikkje sikkert. Kanskje eg burde ha sjekka det der, eller kan det vere at eg ikkje er ein god nok lyttar?

God kommunikasjon verkar så enkelt på papiret, men det er ikkje alltid så enkelt i praksis. Du kjenner at du er ein del av ei god samtale når du føler deg møtt, sett og lytta til. Derfor er ikkje den viktigaste ferdigheita i ein samtale å snakke, men å lytte. Det gjeld å lytte meir enn du snakkar, å vere nysgjerrig og å spørje meir enn du fortel. Sjølvsagt er det og viktig å by på seg sjølv, men alt med måte.
Høyrsletap verkar sjølvsagt på evna til å oppfatte tale. Eit høyreapparat vil ofte betre mogelegheita til å gjere det lettare å oppfatte språklydane sjølv om lydbiletet vil vere av dårlegare kvalitet enn ved normal høyrsle.
På nrk.no fann eg denne oversikta:
8000 nordmenn har mista all høyrsle i vaksen alder
600 000 nordmenn har nedsett høyrsle
200 000 brukar høyreapparat
Høyrsletap kan kome på grunn av tilhøva på arbeidsplassen. Støy er den vanlegaste årsaken til yrkesskade i Europa. Men det er ikkje berre på arbeidsplassar det finnes støyproblem. Omlag to millionar av oss er utsette for støy frå vegtrafikk i Noreg. Heile 15% av dei som bur i landet vårt er plaga med øyresus.
Støy kan me definere som lyd me ikkje ynskjer å ha der. Det kan vere irriterande lyd frå for eksempel eit ventilasjonsanlegg, eller skadeleg støy frå ein bråkete omgivnad. Godlyd er noko heilt anna. Det er faktisk slik at pasientar med kroniske smerter kan få hjelp av behagelege lydar og roleg musikk.
I avisene får intervjuobjekt ofte blant anna dette spørsmålet mot slutten av intervjuet Kva høyrer du på?
Kva ville du ha svart? Eg kan svare slik:
1. Radio. Det fine med radio er at ein kan gjere andre ting samstundes med at ein blir oppdatert, lærer noko, syng med eller ler og har det moro.
Desse programma er eg spesielt glad i: Nyhetsmorgon NRK p2, Utakt NRK p1, Studio 2 NRK p2 og Dagsnytt 18 NRK p2.
2. Men eg vil aller helst høyre Musikk. Dette vil eg gjerne skrive meir om i morgon.
Helsing frå K-M