FANN EG EIT MODERNE ROMA?

Kjære folk!

Ei ung dame frå Estland som eg møtte i heisen her ein dagen, sa at ho ikkje hadde funne noko moderne ved Roma dei tre dagane ho hadde vore her. Nei, det er ikkje lett å finne «folk flest» dersom ein oppheld seg midt mellom det som reiseguidane kallar høgdepunkta, for der ruvar steinkolossane og dei lange køane av turistar. Ein må titte rundt, bak og innanfor alle dei steingamle og tallause fasadane med søyler, arkadar og ornament, og heller ikkje gløyme at dei som bur i Roma, lever nettopp av desse turistmagnetane. Eg har og lese på skilt over dører og portalar, og sett at etatar, departement, diplomatar og forretningar har flytta inn – innanfor.

Eg er heldig. Eg har ei heil veke her i Roma. På ei oval helg hadde det ikkje vore mogeleg å rekke anna enn det alle meiner ein ikkje må gå glipp av. Dei to siste dagane har eg rusla rundt i bydelane Trastevere, Monti og Esquilino. I bakgårdane steller pensjonistar plantene sine, gatemusikantar spelar alt frå rock til austeuropeiske trekkspelmelodiar, i kunstmuséa finn ein både unge håpefulle og gamle meistrar, – og EU-flagget vaiar over dei alle.

Roma lever i dei overfylte gatene, på restaurantane, bak dei tunge dørene og på takterrassane. Roma sit i alle trappene, syng i kyrkjene og dobbeltparkerar på gatehjørna.

Eg har fått spørsmål om biltrafikken. Som fotgjengar er ikkje biltrafikken eit problem, men eg ville ikkje ha leigd meg bil her. Dei er ikkje nådige med bruk av hornet når nokon legg seg i feil fil.

Eg har og blitt spurd om pågåande tiggarar. Dei sit der, det er synd på dei og eg må berre innsjå at eg ikkje kan hjelpe alle. Meir påtrengjande er dei som sel selfiestenger og sjal, men dei er ikkje meir plagsame enn dei som står ute på gatene i Noreg og vil ha meg til å byte straumselskap.
Sjølvsagt er det og ein del ting eg lurar på:

 

  • Eg har ikkje sett ei einaste italiensk dame med grått hår. Finnest dei ikkje?
  • Korleis får italienarane i seg nok kostfiber? Det er då vel ikkje så mykje fiber i tomatsaus?
  • Er det naudsynt med maskingevær når desse uniformerte mennene skal passe på noko både her og der?

I morgon kveld skal eg pakke kofferten. Etter snart ei veke i denne fantastiske byen, byrjar tankane mine oftare og oftare å vandre heim til Noreg. Det er jo der eg har det viktigaste. Neste veke trur eg at eg må skrive om å vere mor og deretter om å bli bestemor. Men nett no er eg i Roma. Eg må nyte dei siste timane her, for kan hende kjem eg ikkje nokon gong attende hit. Eg fekk jo aldri kasta den mynten i Trevi-fontena.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: