Å BLI MOR KAN SKJE PÅ FLEIRE MÅTAR

Kjære folk!

Å vere mor er definert som ei kvinne som har born. Det kan vere ei biologisk mor, altså ho som har født. Det kan vere ei adoptivmor, altså ho som fostrar opp og tek seg av. Det kan vere ei stemor, altså ho som er gift med far.
Uansett, – det er heilt spesielt å bli mor, og eg var like spent og nervøs kvar gong, om ikkje på same måten.

IMG_1078

Fyrst vart eg biologisk mor. Magen voks, ungen sparka og den glade spenninga auka på heilt fram til det stod på som verst, og doktoren bad meg ta det som ein mann. Deretter var det berre kjærleik frå fyrste andedrag, – kjensler som ingen kunne klare å stagge, aldri nokon gong, same kva som skjer.

Deretter vart eg adoptivmor. Ho var etterlengta ho og. Det einaste eg visste, var at ho var lita, lys og redd. Eg skulle ta imot ei som kom frå ein framand mage, med ord og lukt som eg ikkje kjende til. Eg var vettskremd. Tenk om me ikkje kom til å like kvarandre. Me øvde oss, både ho og eg. Etter ei tid sa ho. «Du mamma, ei mamma er nok, ikkje sant?» Eg nikka med blanke auge. Å vere mor har ikkje mykje å gjere med DNA. Å vere mor ligg i kjenslene og i det å verte styrt av morshjartet i tjukt og tynt, i glede og sorg.

Mange år etter dette skulle livet snu seg slik at eg også skulle bli stemor. Historier om denne rolla har gjort at ordet ikkje har så vakker klang. Eg var svært nervøs då eg skulle møte borna hans for fyrste gong. Nesten vaksne ungar kan vere svært kritiske, hadde eg høyrt, og medieverda var full av skrekkhistorier om stemødrer. Det gjekk fint. Den yngste av dei sa: «Eg er så glad for at Karen-Margrethe er ei heilt vanleg, gammal dame.» Ho var tretten år, og ho hadde nok og vore litt nervøs.

I går hadde eg ein triveleg kaffiprat med han som kom fyrst, og i dag snakka eg i telefonen med ei av dei siste. Om nokre dagar skal eg ta fly til Lofoten. Der bur ho som var så lita, lys og redd.

Eg har glede i hjartet mitt.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

16 kommentarer om “Å BLI MOR KAN SKJE PÅ FLEIRE MÅTAR”

  1. Jeg må innrømme at jeg aldri har tenkt på alle de forskjellige morsroller! Du satt igang mine hjerneceller og det var herlig å lese dine sannheter! Dine «barn» har en omtenksom og herlig «mor»! Takk for en flott innføring!

    Likt av 2 personer

    1. Og jeg kunne ikke ha fått flottere, morsommere og mer hjelpsom og omsorgsfull datter selv om jeg hadde laga henne sjøl. 💕😘 Jeg sier som deg: Evig takknemlig! 💕😘❤️

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: