HAUST MED MOR

Kjære folk!

Eg er på Ål. Eg har gått tur forbi det huset der eg budde då eg var småskulejente. Sjølvsagt strøymer minna på.

Mor mi tok meg ofte med på tur ut når det var regnver. Me gjekk langs vegen og var to, godt kledde i kvart vårt olje(u)hyre. Ho viste meg kor vakkert alle ting vart når det fekk regndråpar på seg. Fargane vart klårare, kvite steinar strålte sterkare og små vassdråpar vart som luper når dei la seg til ro på et blad. Det er fint å gå ute i regnet.

IMG_1068

Vel heime lærte eg å setje pris på ei varm stove, ein kopp kakao og høgtlesing. Noko av det finaste mor mi visste var Arne Garborg si Haugtussa. Eg kan mange av dikta utanåt, og kvar haust høyrer eg mor si røyst inne i hovudet. Ho les:

D`er haust. Det ruskar ute
med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute
og vilde gjerne inn.
Men under omnen god,
der ligg på sekkje-pute
han gamle Mons i ro.

Eg er glad i desse kveldane om hausten, og det er ikkje vanskeleg å finne fine ting å gjere inne, – kanskje etter ein tur ute. Eg veit at eg er heldig som har min eigen, trygge heim der eg kan gjere små, hyggelege ting.

IMG_1052

Eg kan for eksempel

  • lage meg ein god kopp te
    Min favoritt er eple med kanel
  • skrive brev til ein ven
    Er det mogeleg å få kjøpt fine brevark no for tida?
  • lytte til musikk
    Silje Nergård blir aldri feil
  • deklamere dikt høgt for meg sjølv
    Halldis Moren Vesaas ligg godt i munnen
  • ta meg eit varmt bad
    Eg er så heldig at eg har badekar, badeskum og badeand

Eg gler meg til mange slike kveldar denne hausten, og ynskjer alle som les dette gode haustkveldar heime. Kva nyttar du desse kveldane til?

Helsing K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

8 kommentarer om “HAUST MED MOR”

  1. Flotte bilder Karen-Margrethe. Så artig å lese en så fin dialekt, samt et innholdsrikt materiale. Håper du fortsetter med dette. Ha en fantastisk høstdag videre. 😊

    Liker

  2. Så koselig å følge med deg, Karen Margrethe. Her på Hamar lever vi det gode liv med kaffe og gode samtaler på balkongen, noen ganger laaangt utover formiddagen.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: