Kjære folk!
«Eg har høyrt at du er plaga med litt hovudverk av og til?» Ja, for kor gale kan det vere å ha migrene? No når eg ikkje er så plaga, kan eg seie ifrå for alle dei andre. No kan eg freiste å få folk til å forstå, for no er det ikkje meg det gjeld.
Migrene er kraftige, pulserande smerter som som oftast sit på den eine sida av hovudet. Anfalla kan vere så alvorlege at ein vert sengeliggjande. Det fylgjer ofte med kvalme. Migrene skil seg frå vanleg hovudverk ved at symptoma er fleire og sterkare. Ein til to dagar før anfallet, kan han eller ho få forstopping, vondt i nakken og hyppig vannlating. Dagen etter anfallet er mange slitne, utslått og litt forvirra. Hos dei som har hyppige anfall, kan dagen før falle saman med dagen etterpå. Slike dagar hende det at eg skreiv dikt.
migrene 1
eg har ein uven
bankar ikkje på
snik seg innpå
etter at eit murrande vardøger
har flimra forbi
trampar ho inn
tek plass
set seg ned
eg har våpen i veska
tung skyts
som oftast går ho
etter ei stund
eg sit att
med eige blod
bankande
mot tinningen
eg foldar
dei slappe hendene
og ber ho
så innstendig eg kan
om at ho
ikkje kjem att
på ein dag
eller to
migrene 2
det er
dagen før
og eg veit det
har hatt mange
slike dagar
augo svir
ljoset er skarpt
før den dagen
eg ikkje vil ha
vil snakke om
vil hugse
dagen etter kjem
den og
veit eg
ledda er stive
kroppen er lat
og kan hende
fell dagen etter
saman med
dagen før
ein ny dag
eg ikkje vil ha
då lengtar eg
etter vintermorgonar
der sola ikkje viser seg
mellom fjella
men lyser opp dagen
likevel
I fylgje Norsk Helseinformatikk har 15% av alle kvinner og 7% av alle menn i Noreg migrene.
Helsing K-M
Hauuuu…
Men tenk at du er så mye bedre, da! Og det er du flink til å sette pris på!
Høstsola skinner i dag, håper den ikke er for skarp til deg. 😊👍🏼
LikerLiker
Sola skinner og jeg har solbriller😎. Livet er strålende. ☀️💕😊
LikerLiker