LITT GAMMAL

Kjære folk!

Det er klart det er tap. Sjølvsagt er det mykje som forsvinn, slikt som spensten i blæra og litt av beinsubstansen. Alle veit og at livmålet etter kvart kjem til å auke, og at rumpa på uforklarleg vis flyttar seg fleire hakk ned. Dette hadde kanskje vore enklare å akseptere dersom det ikkje hadde vore for alle dei stygge namna som nokon har tatt seg bryet med å setje på delar av kroppen min.

IMG_0920

Grevinneheng heiter det visst, dette silkemjuke skinnet som barnebarnet mitt likar å kjenne på. Muffinstopp kallas utsida på den magen som for meir en 40 år sidan romma ein høgt elska unge. Appelsinhud heiter det når det ekstra feittlaget i underhuda til kvinner skrumpar. Kvinner er skapt slik med dette ekstra laget slik at dei kan ha noko å tære på når det ikkje er nok mat til alle. Omsorgshud skulle det vore kalla.

Dei fysiske endringane ville nok og mogelegvis ha vore enklare å bere dersom me ikkje kvar einaste dag fekk presentert dette ungdommelege idealet. Kvifor let verda seg lure til å tru at det er 19-åringar med rynkereduksjon som skal vere venleiksideala våre?

Med alderen kjem ofte heldigvis og litt innsikt. Det gjer det litt enklare å prøve å gje blaffen i kva andre meiner. Eg vil jo gjerne vere denne litt gamle dama som ikkje skammar seg. Ho som ser at ho har arva både mor si og far sin. Ho som ikkje har tenkt å gjere noko med at huda hennar er litt for stor dei fleste stader. Ho som stryk seg over magen og kjenner at den er mjuk og heng litt ut over bukselinninga. Ho som har snille hender med brune flekkar og tydelege blodårer.

Eg vil smile til meg sjølv i spegelen og vere glad for at eg er eg. Eg har eit liv å leva, og eg vil ta meg god tid til å tenkje på ein ting om gongen.

Akkurat no tenkte eg eit lite hurra for litt gamle damer som er som dei er.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

10 kommentarer om “LITT GAMMAL”

  1. Takk for at du skriv så positivt om dette😊.. som er så lett å tenke på som negativt! Det gjorde godt å lesa det, og sjå at du kan finne gode ord om det! Eg blir med på å seia hurra for litt gamle damer som er som dei er ….. og kan smile til meg sjøl i spegelen!

    Likt av 1 person

  2. Takk, gode Birgit! 😍Me er ein flott gjeng alle me litt gamle damene. Eg møter gode representantar for oss rett som det er. Det dukka opp fleire på det biletet som låg i postkassa mi då eg kom heim frå Marrakech – der var det og ei flott ei som heiter Birgit. 👏👍

    Liker

  3. Du har en egen evne til å sette ord på alt! Leste dette med stor fornøyelse! Også reisebeskrivelsene dine, men da husket jeg ikke hvordan jeg skulle gjøre for å gi respons!

    Likt av 1 person

  4. Tusen takk, Berit! 😍 Jeg er helt sikker på at det er lurt å sette navn på det aller meste her i verden.
    Så fint for meg at du kom på hvordan du skulle kommentere. Jeg ble veldig glad 🤓💕

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: