Kjære folk!
Denne veka har eg skrive om å vere litt gammal. Det har handla om å akseptere det eg ser i spegelen og om å ha lyst og mot til å danse vidare.
Sjølv om kroppen ikkje er som den var, er humoren, draumane og kjenslene dei same. Dette gjer og at molltonen kan lyde sterkare no enn det den gjorde tidligare.
I dag sender eg ut eit lite dikt som fortel noko om dette.
Eg kan kjenne meg
litt misunneleg
på jenta som kan leggje hendene sine på tangentane
og spele kva ho vil
på kvinna som kan leggje hendene på magen
og kjenne sonen sin sparke
på alle dei som kan leggje hendene sine på kjærasten sin nakke
og kysse for aller fyrste gong. Eg
legg hendene mine på dyna
og gler meg over at ikkje denne dagen heller
gav meg byrder
eg ikkje kunne
bera
Denne augneblinken
Dette kjenneteiknet
Når fyrstegongsopplevingane frå ungdomstida er noko ein tenkjer attende på og innser at mogelegheitene i livet er færre, kan me likevel vere takksame for det me har her og no.
Med dette ynskjer eg alle som les dette ei god helg.
Med helsing K-M