NOKRE DAGAR ER SLIKE

Kjære folk!

Nokre dagar er alt heilt greitt. Andre dagar veks uroa for kvar time som går. Vanlegvis er det ro og fred medan arbeidsoppgåver vert utførde og det meste finn si løysing. Av og til smyg det seg til og med fram ein augneblink med rein lukke. Men nokre dagar, ikkje så ofte, rett sjeldan, men likevel, av ein eller annan grunn, så revnar det:

Slik som når ingen ser

Svært sjeldan,
men det hender. Eg
vil ringje,
skrike
med skingrande røyst
Dreg heller ut
Skuffen i midten
og rører rundt
i vispar og auser
til hendene er såre
Lagar
eit helvetes leven
som ikkje hjelper mot noko
Marsjerar rundt
inn i stova,
attende til kjøkenet,
rundt på golvet i gangen,
vert ståande der. Får
blikkontakt i spegelen
med ho

Eg slepp ikkje blikket hennar,
står stille,
er tom,
blir fire år,
vil krype inntil mjukt kjolestoff. Lukte
at alt
skal bli bra
snart

Svært sjeldan,
men det hender

IMG_1726

Eg er vel ikkje den einaste som har hatt slike vanskelege dagar. Det er jo slett ikkje normalt å alltid ha det like godt. Sorg, saknad og sinne er vanlege kjensler i eit menneskeliv.

I veka som kjem skal eg skrive om å ha det bra og å prøve å vere den utgåva av meg sjølv som eg likar best.

Helsing frå K-M

PS: Ikkje bry dykk om dette under her, det er berre noko teknisk dilldall utan meining for andre enn meg sjølv. DS

DEB3AD2E-A2A7-4B52-940C587D0A2170F6-CB2C7AD2-0DBA-4EAF-ADEE7E6F5846875E

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

8 kommentarer om “NOKRE DAGAR ER SLIKE”

      1. Takk igjen. Dette er hyggelig tilbakemelding fra deg som er så flink med foto. Jeg har jo fått råd om å knytte bilder til hvert enkelt innlegg, så da prøver jeg å få til det. Her passet det i alle fall ikke med et smilebilde. Det føles veldig godt å ikke ha en jåleblogg. 😊

        Liker

    1. Ja, det er jo ingen som nokon gong har lova oss berre gode dagar. Og når me tenkjer etter, så burde me vel vere takknemlege for at me er blant dei heldige som stort sett har det både trygt og godt.

      Liker

  1. Kanskje er ikke å like den rette reaksjonen, men det er vel muligheten jeg har for å fortelle at jeg har lest og har forståelse for innholdet. Slike dager er ikke ukjente for meg, selv uttrykksformen kan være forskjellig. Jeg synes det er fint at du skriver sant om livet, det er ikke bare solskinn. Kanskje er det godt for mange å lese at det finnes mørke dager for flere. Klem fra Berit

    Liker

  2. Kjære, gode Berit! 💕Tusen takk for fin tilbakemelding på bloggen min i dag. Jeg tror du har rett i at det kan være godt for mange å lese at ikke noen har et liv med bare solskinnsdager. Det blir mye lykke, smil og soloppgang på sosiale medier. Jeg bidrar jo selv med slikt innimellom. Jeg tenker at denne bloggen min skal være såpass ærlig at det er mulig for folk å kjenne seg igjen av og til. Takk for at du skriver slik at jeg blir motivert til å fortsette. Varme tanker og gode klemmer til deg. 😍🤗

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: