Kjære folk!
Det er viktig å snakke om alt mogeleg. Det trur eg på. Slik er eg. Det er viktig å snakke om det som er vanskeleg. Ein god samtale gjer det sjeldan verre. Me må blant anna snakke om aldring, for det er når me teier at alle mytane får gode vekstvilkår.
Framleis er eg berre utsett for litt normalt forfall. Eg er heldig slik. Eit rustent kne og ein svak korsrygg er ikkje for sjukdom å rekne. Det er difor heller ikkje naudsynt med handsaming frå helsevesenet si side. Men eg er litt redd for at når den dagen kjem, då mine alderdomsteikn har forverre seg, slik at eg kan trenge litt støtte og hjelp, då får eg tildelt eit stempel eg ikkje vil ha. Kravet om eit aktivt liv for oss som heldt på å bli eldre, kan gjere det slik at alt frå gikt til dårleg minne kan bli vår eiga skuld fordi me ikkje har tatt godt nok vare på oss sjølv. Eg er litt redd for at det igjen kan føre til forakt.
Ikkje misforstå, er du snill. Eg er for å gå tur, – til og med på isete vegar. Eg er for broddar og, slik at me kan våge oss utpå når det er glatt. Eg er for å overvinne tiltaksløysa og å prøve nye ting og gå nye stigar. Eg er for å trene ballansen, og eg står gjerne på ein fot når eg pussar tennene dersom det kan hjelpe. Men det er viktig å snakke om det, for eg er imot å stemple nokon som lat, giddaslaus og «dette kunne ho ha unngått dersom ho hadde prøvd litt hardare». Det må vere heilt greitt å drive på med å bli både eldre og litt gammal utan at det skal vere noko merkeleg med det. Eg tenkjer at eg er veldig heldig som får vere med og oppleve denne delen av livet. Eg har tenkt å setje pris på det og vere hjarteleg glad for kvar dag med aldring utan sjukdom.
Ung er eit fint ord for dei fleste. Av ein eller annan grunn har ikkje gammal like fin klang. Me kallar det heller senior, eldre eller moden. Eg likar ikkje tullete innpakning. Eg er littgammal og er lukkeleg med det. Uansett kva ord som vert sett på alderen min, ynskjer eg ikkje at det skal fylgje med ein haug med fordommar. Det kan alle klare seg heilt fint utan. Difor må me snakke om det!
Helsing frå K-M
Men når det gjelder ting, da kan det være fint at den er gammal! Antikvitet heter det da. Og de kan være verdifulle, sjøl om ingen har bruk for dem lenger. Til pynt bare. Eller noe som vi kan lære noe av, lære om «gamledager».
LikerLiker
Antikviteter blir mer verdifulle jo eldre de bli, men de er jo fullstendig unyttige der de står på stas. Vi vil jo ikke være antikviteter. Vi vil være nyttige. … og det er vi jo 🙂
LikerLiker