Kjære folk!
Er det berre eg som synes det er mykje av maset om kva som er moderne, in og trendy som er litt merkeleg? Eg klarar fint å la vere å bry meg om at alle visstnok burde måle stoveveggane sine i mjuke pastellar. Det engasjerar meg heller ikkje nevneverdig at skjerfa skal vere smalare denne vinteren og at frityrsteikt, indisk mat er det hottaste i år.
Det kan vere kjekt å ikkje vere fullstendig umoderne, men når folk meiner at eg må skrote alle bøkene mine og seie opp abonnementet på papiravisa, då kjenner eg det klør.
Slik som sist veke, startar eg laurdagen med eit slags dikt:
Det er ikkje
dette
som gjer meg
utdatert og gamaldags. Eg
elskar
å sitje slik,
bla om i papiravisa,
fylgje med slik
når det er stille i huset
Det er ikkje
dette
som gjer meg
forhistorisk og avlegs. Eg
elskar
å sitje slik,
bla om med boka mellom hendene,
late ho føre meg
alle stader
Det er ikkje dette
som er umoderne. Dette er
handgripeleg,
fysisk,
sanseleg. Dette er
alle dei orda som
fargelegg tankane,
trøystar dagane,
bur i fantasien
Og ikkje å forgløyme radio
Med dette ynsker eg dei som les dette ei strålande helg.
Med helsing K-M