Å TENKJE PÅ RARE TING

Kjære folk!

Å vere kreativ blir som oftast definert som å ha evne til å setje saman kjende element til noko nytt, noko unikt.
Trur de at det er slik at dei mest kreative blant oss likar å leike?
Er det slik at eit kreativt menneske er meir nysgjerrig og utforskande enn andre?

Kan det vere slik at dei kreative er flinkare til å idémyldre enn resten av gjengen?
I eit arbeidsfellesskap nyttar det i alle fall ikkje dersom dei fleste er opptekne med å kaste nyskapande ballar opp i lufta. Det må og vere nokon til stades som tek ned dei beste ballane, set dei i system og etter kvart gjer noko med dei. Er det ein motsetnad mellom å vere kreativ og å vere systematisk, eller er det mogeleg å vere begge delar?

IMG_1751

Det er ikkje så viktig for meg å få svaret på desse spørsmåla. Eg veit heller ikkje kva som sviv rundt i hovudet på folk flest slik til kvardags. Eg veit berre at det innimellom er mykje rart mellom mine eigne øyro. Her er eit lite eksempel:

Ikkje heilt sakral

Eg
vil kjøpe meg ei kyrkje
Leige meg ein vakker organist
Leggje meg ned
der på golvet
i kvite kreasjonar
under prismeljoset frå
gudlege glasmåleri i
i kyrkja mi. Drøyme
om eggjande englar
og late sjela
stampe rytmen til brusande akkordar
i fem firedels takt
vil
eg

Eit anna dikt kjem her. Det handlar om å ynskje å kunne overlevere litt av all denne leiken og sunne galskapen til barnebarna.

Levande

 Eg har blå vengjer
Tek dei fram berre i klårvêr
Tidleg om morgonen
klatrar eg opp på gelenderet
i tredje høgda,
spreier ut dei himmelblå
og flyg

Dei som søv,
kan ikkje sjå det
Dei som er vakne,
vil ikkje tru det

Om nokre år,
ganske mange, håpar eg, skal eg
klippe dei i småbitar,
trakte te på dei,
servere barnebarna
og håpe at det smittar

Samstundes med at eg har desse rare tankane, er eg ho som planlegg, organiserar, ryddar og systematiserar alt og for alle. Det er godt mogeleg at eg har eit tomt hol mellom all leiken og den litt kjedelege strukturen – ?

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

4 kommentarer om “Å TENKJE PÅ RARE TING”

  1. Takk, Karen-Margrethe! 😊 Eg er gjerne med på dine fantasifulle opplevingar! Eg hugsar deg frå alle skoleår som ein frisk pust for alle omkring, ei som sprer glede! Din latter var ein oppmuntring, eit løft(!), i kvardagen! Du er den same gode jenta fortsatt!

    Liker

    1. Kjære Birgit! Det er veldig hyggeleg å lese at du hadde dette inntrykket av meg. Det gjer godt å vite at ein har spreidd meir glede enn det motsette. Sjølv om ting er vondt å vanskeleg av og til, hjelper det i alle fall ikkje å vere sur. (Men av og til hadde det nok gjort godt å kunne vere litt morsk og seie ifrå. (Det er eg flinkare til no😊). Eg har nok heller aldri sett deg sur og tverr, Birgit. Deg var det aldri problematisk å vere i nærleiken av. Eg trur du har det same gode smilet og den same roa no. Dessutan er du av dei eg kjenner som er aller best på å seie gode ting til folk. Nok ein gong tusen takk!

      Liker

      1. Tusen takk for oppmuntring, det er godt å høyre gode ord! Og bra at me begge har lært oss å seia frå når det er noko me ikkje syns om!👍😊 Klem til deg! ♥️😊

        Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: