Kjære folk!
Ikkje ei førjulstid utan desse to:
1. Julekort
Tradisjonen med å ynskje kvarandre god jul går langt attende i tid. I byrjinga gjekk folk frå hus til hus og banka på dørene for å ynskje god jul i heimen. Etter kvart vart det meir vanleg å skrive ei helsing som vart levert ved døra.

Eg hugsar godt den tida då det var teksten som avgjorde portoen. Skreiv du inntil fem ord, slapp du unna med den lågaste portotaksten. Då vart det ikkje plass til meir enn anten «God jul og godt nyttår» eller «God jul, godt nytt år», men det var jo og det viktigaste, – og eg fekk tenkt over forskjellen på «nytt år» og «nyttår».
Eg syrgjer for å ha god tid den dagen eg set av nokre timar til å skrive julekort. Eg tek fram den beste pennen min og mi finaste handskrift. Sjølvsagt må det vere julemusikk som akkompagnement. Det kjennes godt å sitje slik og sende varme tankar til dei som skal få konvolutt i posten. Dette er ei glede på lik linje med den gleda det er å finne julekort i eiga postkasse frå dei me ikkje kunne nå fram til med ein god førjulsklem. Mor mi hengde opp julegardiner på kjøkenet til jul. Eg hengjer opp ei snor til å feste julekorta på. I det siste har det vorte litt betre plass på snora mi. Helsingar på Facebook, Instagram og SMS er fine å få, men vanskelege å henge opp på ei snor.
2. Julefilmar

Kvar førjulstid ser me dei same filmane, og kvart år sit me att med glede i bringa og tårer i augnekroken når filmane er slutt. Det er to romantiske julefilmar som står på programmet: The Holyday og Love Actually. Det handlar om snille folk som vil vel, om sorg, glede og om kjærleik. Alle blir vener, verda er god og alt endar vel, – slik som draumen om ei god jul.
Helsing frå K-M
Så masse fine julekort! Kanskje det kan være noe å «ta opp igjen» – julekortskriving. Da tenker man på den/de en skriver til og kanskje tar frem minner også.
LikerLikt av 1 person
Akkurat – det fungerer slik du beskriver😍😊, men en må begynne tidlig i desember og ha god tid ellers blir det stress.
LikerLiker