Kjære folk!
Når nokon spør meg kva eg ynskjer meg til jul, gjer eg kva eg kan for å gje eit godt svar. Eg reknar med at dei er som meg, dei ynskjer å gje noko mottakaren vil bli glad for. Dersom eg blir glad, vil det gjere dei glade og. Dette er ein fin runddans av positive kjensler.
Her kjem eit dikt om gåveynskjer som ikkje kan pakkast inn i glansa papir.
Les det gjerne høgt for deg sjølv i tre-firedels takt. Ein – to – tre:
Gje meg ein vals
Spel han sakte
Kan hende i moll
og med tett harmoni
Tung lett lett
Høyrer du?
Gje meg ein dansar
som fører meg varleg
med faste hofter
og kraft i kvart steg
Rundt og rundt
Ser du meg?
Gje meg ein bass
som kviskrar og nynnar
i øyret mitt
medan eg snurrar og sviv
Tra-la-la
Syng for meg!
Det har eg lyst på
Det er mitt ynskje
Klarar du det
skal du få alt du vil
Ein to tre
Dans med meg!
Eg kjem heilt sikkert ikkje til å få dette til jul, og eg er nok glad for det. Eg vil ha han eg har. Likevel kan eg hygge meg med desse fem fine kvinnestemmene som nynnar slike vakre valsar. For det er noko særskilt med vals!!
Marit Larsen: Under the surface
Rumer: Come to me high
Kari Bremnes: Vals
Karen Jo Fields: Waltz
Carol King: You make me feel like a natural woman
Slik kan eg med godt mot valse meg vidare fram imot jul.
Helsing frå K-M