Kjære folk!
Det er festa mange juleminner til julemusikk. Her er fem julesongar som vekkjer både minner og sterke kjensler hos meg:
Julekveldsvisa
Er det ikkje rart? Same kvar me kjem frå og uansett kor gamle me er, så vert det liksom ikkje jul utan Alf Prøysen.

Det hev ei rose sprunge
Dette er opprinneleg ein tysk julesang frå 1587 med ein vakker, tysk folketone frå 1400-talet. Det er fleire grunnar til at eg tek med denne songen på lista mi. Både som lita og som ung, song eg i kor, – fyrst i skulekoret og deretter i Ål blandakor. Å ta på seg kvit bluse og svart skjørt for å synge i kyrkja ved juletider, var like naturleg som sylte og pinnekjøt. Denne songen var stort sett alltid på repertoaret. Med denne songen fylgjer det og ei vakker legende om ei lita jente som ikkje hadde gåve til Jesusbarnet, men som fekk hjelp til å finne juleroser under snøen.
Vi tenner våre lykter når det mørkner
«Skomakergata» vart fyrste gong sendt på NRK i 1979 og deretter i 1981, 1984 og 1988. Eg var lærar på barneskulen og småbarnsmor då denne adventserien kom. Dette var ei tid då «heile Noreg» såg det same programmet samstundes, og «alle» såg og høyrde borna i Skomakergata synge
Vi tenner våre lykter når det mørkner
og når alle lyder pakkes inn i vatt
Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner
Kanskje lyser de til kvelden si`r god natt.
En stjerne skinner i natt
Denne songen sleppte Oslo Gospel Choir i 1994, og heilt frå den fyrste gongen eg høyrde den, vart eg gripen. I tillegg til den fantastiske korklangen, trur eg det er denne tekststrofa som tek tak i meg:
Englene synger høyt i kor
Synger om fred på vår jord
Verden var aldri helt forlatt
En stjerne skinner i natt
I ei vise syng Halvdan Sivertsen at «pappa´n tell Jesus har gjemt seg», men det er jo lov å håpe. Eg håpar.
Deilig er jorden.
Nei, så søren om ho er. Likevel syng eg av full hals (dersom eg ikkje grin då). Eg ser på denne vakre songen som ein protestsalme mot all vondskap i verda og ein håpssalme om at verda skal bli ein betre stad å vere for alle.
Eg har lese at Ingemann forfatta teksten i 1850. Det seiest at han var så rysta over brutaliteten i krigen mellom Danmark og Preussen, at han derfor skreiv salmeteksten på bakgrunn av det.
Fred over jorden!
Menneske, fryd deg!
Helsing K-M