Kjære folk!
Det er ikkje alltid berre greitt. Heller ikkje, eller kanskje slett ikkje, er gleda berre glede i adventstida. Her er ei lita førjulskjensle frå rundt heimen min i går. Eg trur på at den aller finaste gleda er den som har molltonen i seg.
Sjølvsagt er det fint
med desse lysa,
men det er trist óg
Sjølvsagt er me glade
for stjerna og songen
no ei lita stund
medan me ventar
på det me trur skal kome
Om att
og om att
sit me i tussmørkret
og håpar
sjølv om me veit
at som frostrosene
vil alt gå over
Medan du ventar
vert du og
plutseleg vaksen
I dag tidleg var frostrosene i vinterhagen borte, og tåka låg tett over fjorden. Så stutt tid kan alt vare. Dessverre og heldigvis.
Helsing frå K-M
God jul kjære Karen- Margrethe! Jeg leser det du skriver og du rører på noen strenger i meg rett som det er så tårene kommer! Stor klem fra meg!
Hilsen Anne i (på?) Elverum❣️
LikerLiker
Kjære Anne! Tusen takk skal du ha! Det er ingenting som gleder meg mer enn at jeg kan røre ved noe hos dem som leser. ❤️ Jeg ønsker deg og dine ei god jul og et fredelig nytt år. Stor klem tilbake til deg fra meg.
LikerLiker