DEN VAKRASTE FORTELJINGA

Kjære folk!

Når eg høyrer nokon seie at me må tilpasse julesongane til den tida me lever i, trur eg dei meiner at me ikkje skal syngje så mykje om det som står i juleevangeliet. For meg vil det vere merkeleg, ja svært forunderleg dersom det som handlar om Jesusbarnet skal bli tabu. Kva er det me ikkje har så godt av å syngje om?

IMG_1950
Her er julekrybba mi, sett saman av 24 figurar  (plastleiker, fine steinar, tysk handverk og afrikanske suvenirar).

Er det dei fattige gjetarane som ikkje vert så godt likt? Eller er det dei rike vismennene som vandra ut på leiting etter noko som var stort nok og viktig nok til å bryte opp frå alt det dei gjorde og alt det dei var, som ikkje høver i ein song? Eller er det han dei fann, – ein nyfødd, fattig unge som låg inntulla i matfatet til eit esel?

Eller er det vanskeleg at dei vart ståande der og stire, desse gjetarane og rikmennene, dei fattige og dei rike side ved side? Dei hadde gåver med seg, og dei kjende at det gjorde godt å gje. Er det det som er vanskeleg å syngje om?

Skal me la vere å tale høgt om at Josef måtte ta med seg Maria og det vesle barnet og flykte vekk frå den maktsjuke og blodtørstige Herodes? Likar me ikkje at juleevangeliet minner oss på at det ikkje er noko nytt at menneske er på flukt? Er det flyktningar me ikkje likar å syngje om?

Kan hende det er Josef som blir for mykje, – denne fattige handverkaren som godtok at han skulle ta seg av ei ung mor og barnet hennar. Har snikkaren fått for stor plass?

Nei, det er visst Jesusbarnet som gjer det vanskeleg. Han som i ein periode var flyktning, levde som fattig og døyde som forbrytar. Me er ikkje vane med å syngje om slikt når det er fest. Og når me i tillegg puttar på ubegripeleg englesong og endå til legg til at Maria ikkje kunne skjøne korleis ho hadde blitt med barn, då kan det bli litt mykje i ein gong. Det er vel kanskje forståeleg.

For meg kan folk tru på kvart einaste ord eller ikkje tru i det heile. Det må vere opp til kvar og ein. Men eg kan ingen vakrare forteljing, og så vakre forteljingar fortener songar, spør du meg. Mange songar og vakre melodiar.

Helsing frå K-M

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: