Kjære folk!
Eg har vore borti ein som utan blygsel fortalde at han samla på damer, og som skrøyt av kor mange han hadde hatt med seg heim.
Eg har og vorte beden med på rommet til ein kar som ville vise meg knivsamlinga si. Då er ein verkeleg ein ihuga samlar, når ein tek med seg samlinga si på kurs for tillitsvalde.

Det finnes mange forteljingar om folk som samlar på dei merkelegaste ting. Ein som heiter John Reznikoff samlar visst på hårlokkar frå kjendisar, medan ein tannlækjar frå Michigan har meir en 1.400 tannkremtubar.
Eigentleg kan me samle på kva som helst, men det er slett ikkje alle samlingar som er like hyggelege å få presentert. Det er for eksempel stor skilnad på å samle på gode historier for å ha noko å fortelje i godt lag og å hugse det meste for å kome trekkjande med det som slagferdig argumentasjon i ein krangel med sambuaren.
Det er også skilnad på å samle gode opplevingar og å samle på souvenirar.
Eg likar godt å samle på slikt eg kan nyte med attlatne auge. Dei bileta eg har samla inne i hovudet, kan kome til å bli viktigare for meg enn dei eg har i album og på mobil. Derfor meiner eg og at me burde pugge meir, – ikkje årstal, kongerekkjer, formlar og slikt, men dikt, songtekstar og godord. Det er aldri godt å vite kva ein kan få bruk for, og når ein kan kome til å få bruk for det.
Planen min var å skrive om ting denne veka, så då skal eg gjere det. I fire dagar framover skal eg presentere fire slags ting eg har samla meg opp meir enn ti av. Eg trur vel forresten neppe at noko av det kan kallast ei samling, det høyrest for pretensiøst ut.
Kva samlar du på?
Helsing frå K-M