ENGLAR

Kjære folk!

Ein engel er per definisjon eit overnaturleg vesen med vengjer. Vengjer har dei, gjengen du ser her, men så frykteleg overnaturlege er dei nok ikkje. Dei er heilt konkrete og laga av plast, porselen, metall eller tre. Det einaste dei har felles utanom vengjene, er at dei har ei historie eller ein gjevar som er så spesiell at dei har fått plass i samlinga mi.

img_2105
Englesamlinga mi: Ein svært samansett og veldig glad gjeng jenter med vengjer.

Nokre er arva av ei god, gammal tante.
Fleire er gåver frå folk som er glad i meg.
To av dei har eg motteke som trøyst i ein vanskeleg situasjon.
Tre englar har eg funne medan eg traska hand i hand på fine feriedagar.
Ein av dei kjøpte eg fordi ho likna på ei som var snill.
Den eine engelen var det finaste barnebarnet mitt kunne finne som julegåve til farmor.
(Eg må og fortelje, dersom nokon skulle kome på å tru noko anna, at eg slett ikkje har englar strødd ut over i heimen. Det er desse eg har i tillegg til dei som ligg nedpakka i julepynten, og eg har dei på ein stad der ikkje så mange tittar innom.)

Desse åndevesena finn me forteljingar om i fleire religionar. I jødisk, kristen og islamsk tradisjon er englane Guds tenarar. Dersom eg skal beskrive kva englar er for meg, trur eg gode, snille tankar er det som høver best. Dei er vakre og trivelege å sjå på, og dei orda eg kan, som har engel i seg, har alle ein hyggeleg klang; englevakt, englesong, kvardagsengel.

Kunstnarar har brukt englemotivet på tallause måtar og gitt englar form frå stiliserte gullenglar til lubne, leikande baby-englar. Eg har sett gjennom ein god del bilete av englar før eg skreiv dette, men utan i det heile tatt å finne jente- eller kvinneenglar. Eg har funne kjerubar, serafar og erkeenglar, – berre menn. I samlinga mi derimot, trur eg dei er jenter heile gjengen.

Om eg trur på englar? Dersom det er sant at det finnes mykje mellom himmel og jord som me ikkje kjenner til, så kan det vel like godt flakse ein engel eller to der ute som så mykje anna rart. Men trur eg på dei?
Eg trur på å fokusere på dei gode kreftene.
Eg trur at det hjelper å tru på at det nyttar.
Eg trur på at det er bra for oss å tenkje gode og fredelege tankar.
Eg trur at eg alltid smiler inni meg ein stad når eg ser på denne småsprø og svært samansette englegjengen min, – og eg trur på at det er bra å smile inni seg.

Det trur eg på.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

3 kommentarer om “ENGLAR”

  1. Hei K-M

    Jeg leser dine innlegg som du har skrevet i hele januar, men ser at det er ikke alt jeg behøver å kommentere.
    I dag vil jeg gjerne kommentere ditt innlegg om englar. Hvorfor, vil komme frem i mitt innlegg.
    Slik du åpner ditt innlegg er englar en definisjon på overnaturlige vesen med vinger. Ja slik vil nok de fleste beskrive en engel.
    Men de som har vinger har forlatt oss. Heldigvis finnes det engler også blant oss her på jorden. Selv er jeg så heldig at jeg bor sammen med en av disse. Hun er en engel i tykt og tynt. Og jeg forguder henne. Men hun er ikke alene sammen med oss her på jorden. Det finnes engler eller hjelpere som vi ofte kaller de over alt. Hvis du tenker gjennom hvordan du fra tid til annen har fått hjelp uten at du har bedt om det, så har din hjelper kommet deg i møte.

    Så videre til dine kommentarer på hvilke engler du har i samlingen.
    Her vil jeg bruke ordet HVORFOR:
    – arvet du dine engler fra en god gammel dame?
    – gav folk deg de som gaver?
    – fikk du de som trøst når du trengte det mest?
    – fant du de da du trasket rundt i gode feriedager?
    – kjøpte du ei fordi hun lignet en som var snill?
    – gav ditt barnebarn en engel som hun synes var det fineste hun kunne gi deg?

    Kan hende du er en engel selv. Uten at du tenker over det. Du tenker på dine nærmeste og strekker ut en hjelpende hånd så fort du har muligheter til det. Selv om bilder av engler kan virke som det bare er menn, må en ikke glemme at det finnes mange damer som er engler. De er som du skriver Guds hjelpere. Og jeg kjenner mange som jeg vil si er hjelpere og gleder seg over at det. De tenker gode og fredelige tanker slik som du gjerne vil.

    Fortsett med.

    Ragnar

    Likt av 1 person

    1. Stor takk til deg, Ragnar, for at du leser og tar deg tid til å kommentere!

      Du er heldig som har en slik god hverdagsengel sammen med deg. Det fortjener du helt sikkert å ha. Hun er jo også heldig som blir satt så stor pris på.

      Jeg tror det er viktig å ha noe som gir oss trygghet i livet. Du har funnet noe å tro på, vær glad for det. Det er fint å slippe å lete.

      Jeg ønsker deg alt godt, Ragnar.
      Jeg legger ved varme tanker og en hyggelig torsdagshilsen. 😊

      Liker

      1. Takk 🙂
        Når en har mistet det som betyr mest for oss i livet, er det godt å kunne søke hjelp i troen.
        Ønsker deg en god helg.

        Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: