TYPEN I SLOTTSPARKEN

Kjære folk!

Eg hugsar ikkje kvar eg kom frå eller kva eg skulle. Eg berre veit akkurat kvar eg var og at det var haust. Det var ein av desse dagane då det var vanskeleg å vite kva ein skulle ha på seg. Eg hadde tatt på meg litt for lite. Det var kaldt. Eg gjekk med raske skritt, hadde Slottet bak meg og Karl Johans gate midt imot.

IMG_2178
Det var haust i Slottsparken den dagen.

Plutseleg var han der, stod der og såg. Eg stansa opp eg og. Me nærma oss kvarandre utan å røre oss og utan ord. Lenge, i minst tre sekund sto me slik med fire-fem meter grusveg mellom oss, aleine i kvar vår svarte jakke.  Auge mot auge, blikk i blikk, før me samstundes gjekk vidare, sneia kvarandre utan å vise at me visste at me var så nære. Me gjekk nokre skritt kvar vår veg, heilt til me samstundes stansa, snudde overkroppane våre og såg den andre sitt alvor i ein ny, lang augneblink. Han nikka eit ørlite smil før han snudde seg og gjekk sakte oppover mot Slottet. Eg stod att som fastfrosen ei lita stund, før eg fortsette nedover mot mylderet på Karl Johan. Eg kan ikkje hugse at eg fraus.

Dette var i 1998, og eg var på leit. I fleire år var det slik at kvar gong eg gjekk denne vegen frå Slottet og ned mot bymylderet, tenkte eg på han eg aldri eigentleg møtte. Det var ingen andre stader at blikket mitt sveipa slik over folk. Eg visste kva eg søkte, – ein mager mann med litt bustete hår, mørke auge, stripete skjerf og svart jakke.

Eg kunne ha sagt «hei». Eg kunne i alle fall ha smilt. Eg kunne til og med ha sagt at blikket hans lamma meg, og at eg gjerne ville kome så nær at eg kunne kjenne korleis han lukta, kysse han og få vite om det var han eg leita etter.

Det er meir enn 16 år sidan eg slutta å leite. Eg treng heldigvis ikkje vere på leit, men framleis hugsar eg typen i Slottsparken.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “TYPEN I SLOTTSPARKEN”

  1. Var det meg du møtte den gangen? Jeg vet jeg var slank, men jeg kan ikke huske at jeg hadde bustete hår. Så var det nok ikke meg likevel. Men det er en artig tanke. Hilsen en gammel Oslo-gutt.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: