Kjære folk!
Han var ein heilt vanleg, litt eldre mann. Han hadde brune sko med saum oppå ved lissene. Han hadde dokumentmappe. Den var svart og utan hank. Han hadde ingenting på hovudet og ganske buskete augnebryn. Eg vil ikkje hugse denne mannen, men eg gjer det.
Eg hadde med meg ein mellomstor, raud koffert. Eg hadde svarte sko med butt tupp. Dei var slett ikkje nye og ganske støvete. Eg hadde på meg blå jeans. Det er alt eg hugsar om meg. Eg veit ikkje kvifor eg stod der på Sentralstasjonen med kofferten min, for eg har prøvd å gløyme, men eg trur eg nettopp hadde gått av toget og at eg stod og venta på å bli henta.
Eg stod heilt i ro med kofferten ved sida mi. Brått kom denne mannen inn frå høgre. Han stansa framfor meg, samla fingrane på den venstre handa si i ein slags spiss og køyrde dei med full kraft opp mot underlivet mitt. Deretter spytta han to gonger, ein gong på kvar av skoa mine før han gjekk vidare. Det var alt.
Eg veit ikkje om det var nokon som såg det som hende, men det var i alle fall fullt av folk rundt der eg stod. Eg veit at det var vondt. Eg veit at eg gret. Eg veit at eg greip kofferten og sprang. Eg hadde berre ein tanke i hovudet: Eg måtte vaske skoa mine. Eg hugsar spyttklysene.
Det er mange år sidan. Mannen er sikkert død, og verda er heldigvis ikkje full av slike galningar.
Helsing frå K-M