Kjære folk!
No når denne veka med menneskemøte på bloggen min snart er slutt, vil eg tenkje attende på tre damer eg ofte møtte i tidleg barndom. Eg snakka aldri med dei, men eg visste godt kva dei heitte og kvar dei budde.
Dei gamle systrene kjøpte alltid lodd
Dei hang saman støtt
Dei elska kvarandre
berre slik heilt naturleg fordi
dei ikkje kunne noko
anna enn å vere
saman
Den eine meinte det
den andre sa
og dei lo samstundes
heilt av seg sjølv
berre fordi dei var
saman og kunne le
av kva dei ville i raude hattar
I nabohuset deira budde ho som
ikkje hadde nokon. Ho
som sprang etter ungar
med stokken sin og truga
både med hulder og lensmann. Me
la kongler i postkassa hennar
og småstein
før me sprang derifrå
Ho som ikkje kunne noko
anna enn å vere
aleine
Det er svært lite sannsynleg at livet til desse damene var akkurat slik eg, som lita jente,
oppfatta at det var. Som dei fleste andre forstørrar og forminskar eg det eg ser, slik at alt passar inn i mi eiga forståing av røynda. No, som vaksen, kan eg fantasere vidare og lage vakre og rørande eller triste og heslege skildringar inne i hovudet mitt. Men det vert ikkje i dag. Eg har anna å gjere.
God sundag!
Helsing frå K-M