BRUER

Kjære folk!

I tillegg til at det finnes mange vakre bruer, er det mykje anna ved bruer som er vakkert. Å byggje bruer har ei heilt eiga meining. Det handlar om å kome seg fram til noko, å krysse hindringar og om å sørge for at to sider kan møtast. Å vere ein brubyggjar har berre positiv klang.

Det finnes mange slags bruer. Me kan klassifisere dei etter korleis dei er bygd:

  • Hengebru
  • Bjelkebru
  • Bogebru
  • Flytebru
  • Platebru

Ei enkel steinhelle kan fungere som bru over ein bekk.
Bruer kan og delast inn etter korleis dei vert brukt, for eksempel jernbanebru og gangbru.

Slik som for lastebilar, er eg mest oppteken av kor vakre dei er. Eg blir mållaus over ikkje å kunne forstå korleis det er mogeleg å få desse bruene til å bli hengjande eller ståande. Å byggje bruer må innebere ingeniørkunst av ypparste merke. Det er kanskje denne kunsten som gjer dei så vakre. Det er rett og slett mogeleg at bruer må vere vakre for å fungere. Alle desse orda me nyttar om linjene og formene i bru-konstruksjonar; likevekt, harmoni, balanse, symmetri og eleganse, fortel jo både om styrke og om utsjånad.

Når eg er på fottur, stoppar eg alltid opp ei stund ved alle gamle steinbruer, – desse eldgamle bruene, som er laga ved at steinar er tilhogde og stabla inntil kvarandre. (Allereie i ca år 950 e.Kr kom den fyrste norske lova om vegarbeid. Her heiter det at kvar vaksen mann skal gjere eit dagsverk til vegarbeid og brubygging kvart år.)

Eg vil så gjerne stoppe opp på alle slags vegar ved alle vakre bruer, men som oftast er det vanskeleg å parkere i nærleiken av dei. Flisa bru i Hedmark er ei vakker bru, og det er lett å kome inntil for å fotografere. Dette er verdas lengste moderne køyrebru i tre, heile 196,5 meter fordelt på tre spenn.

IMG_4818
Anne Emilie Thobru har vore snill og tatt dette vakre biletet for meg av Flisa bru.

Eg må og ta med denne brua sjølv om ho er svensk. Det var den fyrste gongen eg køyrde over Uddevallabron, at eg oppdaga kor vakre bruer kunne vere.

IMG_1855
Å køyre gjennom Uddevallabron er som å vere inne i eit kunstverk.

Det er og mogeleg at eg var spesielt mottakeleg for det vakre denne dagen, i og med at eg var veldig forelska i sjåføren. Og kjærleiken varar, – både til sjåføren og til bruene.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: