GATELYKTER

Kjære folk!

Eg innrømmer det gjerne; eg er litt mørkredd. Spesielt når eg er ute og går aleine om kvelden, då må eg ta meg saman for ikkje å sjå meg attende kvart halve minutt. På vegar der eg vanlegvis ferdast på kveldstid, står gatelyktene heldigvis og skapar tryggleik, – og eg elskar dei for det, for om kvelden er det tryggleiken eg er mest oppteken av. Då er gatelyktene såpass viktige at dei fortener si eiga hyllest:

Lydane treff øyret
Det røre seg
bak der ein stad
Subbing frå store sko
Knitring i side frakkar
like ved
Eg vil snu,
men skundar meg
til tryggleiken
under gatelykta
Der
kan eg puste
ein augneblink
inn og ut
Før eg tek sikte
på neste
gatelykt og
gul sirkel
på våt asfalt
der

Om dagen er eg mest oppteken av kor vakre mange av gatelyktene er. Dessverre vart mange av dei fjerna då det elektriske lyset gjorde sitt inntog i gatene våre. Dei gamle lyktene er sjeldne, og dei få som finnes må me difor ta godt vare på. Ei gammal gatelykt er eit verdifullt kulturminne.
Her er ei vakker gatelykt eg fotograferte i Lisboa for fleire år sidan.

IMG_2009
Gatelykt frå Lisboa

Eg er så heldig at eg har ei vakker gatelykt rett utanfor heimen min. Den er med på å skape tryggleik og trivsel. Lyskjegla endrar seg med ver og årstider. Aller vakrast er ho i snøvêr ein mørk vinterkveld.

IMG_2020
Gatelyktene heime i vegen min

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: