KOMMUNIKASJON UTAN ORD

Kjære folk!

Når eg tenkjer meg om og ryddar opp i tankane mine, kjem eg fram til dette: Eg trur det er slik at dei orda eg seier, viser det eg tenkjer inne i hovudet mitt. Det eg ikkje seier med ord, men med kroppen, hendene og fjeset, det fortel kva eg føler og korleis eg sansar den situasjonen eg er inne i. Eg har og både lest og høyrt mange gonger at denne ikkje-verbale måten å uttrykkje seg på er ubevisst og derfor vanskeleg å styre. Det ubevisste er viktig, er det ikkje?

Ansiktet er visst den kroppsdelen me sender ut mest informasjon med. På ein god andreplass kjem hendene og dernest føtene. Eg har kjent på dette mange gonger, for eg blir både redd og får lågare sjølvkjensle dersom nokon snur seg vekk frå meg. Aller verst er det når folk himlar med augo, og eg oppfattar at det er eg som er årsaken til denne himlinga.

IMG_2308

Eg kjenner meg som tryggast når det non-verbale stemmer overeins med dei orda som vert sagt. Dette er nok ei av årsakene til at det er lettast å kommunisere med folk me likar og som likar oss attende.

Det hender at ein møter folk for fyrste gong, og praten går så lett at ein skulle tru me var gamle kjende. Andre gonger er det umogeleg å få til ein skikkeleg samtale uansett kor hardt ein prøver. Det mest utslaggivande på korleis eit slikt møte vert, er nok det som vert sagt utan ord. Når stemmebruk, uttrykket i ansiktet og kroppshaldninga viser at den eg snakkar med eigentleg ikkje er interessert i meg og det eg har å kome med, då blir det heller ikkje viktig for meg å finne ein felles frekvens.

Eg er nok ikkje den einaste som likar meg best saman med dei som ser på meg, smiler og er vendt mot meg med heile seg. Me er sosiale vesen. Me treng gode relasjonar. Dersom me kjenner oss avvist, vil me bli dårlegare til å kommunisere.

Hipp hurra for mine gode vener. Ingen av dei himlar med augo.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: