TO SMÅ INTROVERTE

Kjære folk!

Ingen av oss er vel heilt den same heile tida. Eg kan ha svært gode og glade dagar innelåst med nedrulla gardiner og lyset av. Då kan eg ha det fint aleine saman med det som er inne i mitt eige hovud.

Andre dagar kan eg vere så selskapssjuk at eg vil snakke med mat i munnen og tisse med døra open. Då må eg få med meg alt og kommentere det meste.

Her kjem to små dikt om desse introverte dagane.

bank på
bank på
ikkje kom
rett inn
det kan vere at
eg gret for
ei skam
rasar av
ei lukke
eller tenkjer på
noko djupt
her inne
noko du aldri
får sjå

bank på
ikkje trå
så tett
det kan vere at
eg ler av
ei blygsel
sørgjer over
ein fryd
eller fryktar for
noko djupt
i meg
noko du aldri
får vite

bank på

 

IMG_2316
Av og til er det godt å vere aleine

lydlaust
det var
så stilt
ikkje ein lyd
ikkje anna enn litt leven
berre eit grann støy
frå slikt som ikkje
brydde tanken
endra humøret
skipla godlunet
eg høyrde
susinga frå oppvaskmaskina
bråket frå bygningsarbeidarane
ropa frå ungane på trampolina
nesten heilt lydlaust
var det
tyst
og eg
kunne høyre
mi eiga ro
så kom
du

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: