UT PÅ REISE

Kjære folk!

Det er kanskje nokre av dykk som les dette, som hugsar at eg var ute på eit par reiser i fjor. Eg skreiv blogginnlegg både få Roma og Marrakech. Det var to fine veker med mange opplevingar som eg aldri kjem til å gløyme.

IMG_2322
Snart klar for ny reise.

No skal eg snart ut og reise att, og eg funderar på kor bra denne reisinga eigentleg er. Om dette er det strid blant dei lærde.

Eg tek for meg det positive fyrst:

Forsking har vist at dersom valet står mellom å bruke pengar på å kjøpe materielle ting og å kjøpe opplevingar og reiser, så vert me lukkelegast av det siste. Då eg leste dette, vart eg ikkje det aller minste forundra.

Det viser seg sjølvsagt og at når me skaffar oss kunnskap ved å møte nye kulturar og nye menneske, klarar me lettare å sjå ting frå eit anna perspektiv enn vårt eige. Når eg reiser, må eg dessutan snakke med folk utan å bruke mitt eige morsmål, og det er bra for hjernecellene.

Det er derimot slett ikkje positivt når det viser seg at jetlag kan påverke gener som er knytt til aldring og immunforsvar, og at det igjen kan auke risikoen for hjerneslag og hjarteinfarkt. Det er og ei kjent sak at dei som flyg langt, utset seg for større mengder stråling enn dei som held seg på landjorda.

Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at flyturar er ein versting når det gjeld forureining. Heldigvis er det mogeleg å kjøpe frivillige klimakvotar.

Trass i alt dette negative, så gler eg meg til å reise. Eg gler meg til å oppdage noko nytt og til å utvide horisonten min. Eg gler meg til å jakte på augneblinkane, nyte fyrstegongsopplevingane og til å ete smakfull og framand mat.

Eg trur at ved å reise, kan eg trene opp evna mi til å tåle det uventa. Når eg er så langt heimanfrå , får eg og så vidt kjenne på korleis det er å vere bitte liten og utrygg i eit framand land utan språk og utan å kjenne skikkane og kulturen.

Eg vil sjølvsagt prøve å vere ein god turist. Kva det er, skal eg prøve å finne ut i morgon. Kvar eg skal, vil eg skrive om dagen deretter.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: