Kjære folk!
Eg burde kanskje heller ha brukt «Hjelp, eg skal til Asia!» som overskrift. Dette er nemleg den delen av verda eg kjenner aller dårlegast til når det gjeld både geografi og kultur.

Dette veit eg:
- Asia inneheld eit så stort mangfald at det er vanskeleg å beskrive.
- Det er fleire menneske busett i Asia enn i nokon annan verdsdel.
- I Asia kan turistar møte alt frå ørken, shoppingsenter, vill jungel og vakre tempel.
- Kulturen og språket er svært annleis enn det me europearane er vane med.
- Menneska er kjende for å setje si ære i å vere hjelpsame
Me skal fyrst klare oss sjølv i Singaporenokre dagar. Singapore er både øy, by og sjølvstendig stat. Eg har lest at byen er rein, oversiktleg og ein av dei aller dyraste byane i Asia. Det er visstnok også svært trygt å ferdast i denne byen. Det er kanskje ikkje så merkeleg sidan straffene som rammar kriminelle er svært strenge. Det kostar deg dyrt dersom du kastar ifrå seg søppel, spyttar på offentleg stad eller går på raudt lys.
Etter fire dagar i Singapore, skal me vidare innom
– Bangkok, hovudstaden i Thailand, der det er så mykje trafikk at det løner seg å gå i staden for å ta drosje, og der skyskraparane er høge og templa vakre.
–Kambodsja, som eg forbind mest med amerikansk teppebombing, Raude Khmers grusomheiter og eit folk som har vore gjennom store lidingar.
–Vietnam, som på trass av den totalt øydeleggjande krigen på 60- og 70-talet, no er ein av Asias raskast veksande økonomiar.
I alle desse tre landa har me bestelt guida turar, og eg er glad for det.
Ferien vår endar opp i Hong Kong, der me igjen skal klare oss utan kjentfolk i nokre dagar. Der har eg forventningar om at dei fleste kan engelsk og at sjølv om byen er full av folk, er kaoset nokolunde velorganisert.
Eg kan ikkje seie anna enn at dette vert spanande.
Eg veit ikkje kva slags mogelegheiter for blogging eg vil kome til å møte på denne turen, men eg skal prøve. Å leggje ut bilete på Instagram pleier i alle fall å gå bra.
Helsing frå K-M
Ønsker deg og reisefølget ditt en flott Asia-reise👍🌹
Sendt fra min iPhone
LikerLiker
Tusen takk, Torill! Det var veldig hyggelig å få hilsen fra deg her på bloggen min. Vi drar i morgen, og det klør litt i magen allerede. 🙂
LikerLiker