Kjære folk!
I dag starta me dagen med ein tur i skogen. Me gjekk ganske langt og det var varmt, 30 grader minst. Det viste seg at sundagstur er noko dei driv med her og. Mange har til og med sekk på ryggen når dei er ute og går, medan andre spring så fort dei kan og tel kilometer og kaloriar. Men denne turen likna likevel ikkje på nokon av dei turane eg nokon gong har gått heime i Noreg.
Heime høyrer eg rett som det er at mange er redde for at alle turistane skal øydeleggje dei finaste naturområda. Dette problemet har dei løyst ganske så genialt her. Me gjekk mange kilometer på slik veg som bileta nedanfor viser. Av og til var det merka at her var det lov til å gå ned på bakkenivå dersom me ville det.
Fuglane song og grashoppene heldt eit svare leven i den tette skogen. Utsikten var innimellom storslagen, og me såg til og med apekattar heilt i nærleiken.
Ein drosjesjåfør me kom i prat med, fortalde at like etter at Singapore hadde blitt ein sjølvstendig republikk i 1965, hadde presidenten bestemt at byen skulle ha så mange grøne areal som mogeleg. Og slik har det jammen blitt.
Midt i alt
dette store,
ukjende og
storslagne
sit ein liten
heldiggris.
Høyrer du meg
sleppe ut
lukkelege
snøft og
litt ufine,
små grynt
denne strålande
sundagen
i grisens år?

Etter lunsj vitja me fyrst Sentosa, den øya som høyrer til Singapore. Der gjekk me blant anna på The Maritime Experiential Museum (me er glad i å gå på museum). Her tenkte me som i går: Me skulle hatt med oss barnebarna. Utstillinga om den maritime silkevegen gjennom mange århundre, var ei svært levande framstilling. Her har det vore dyktige pedagogar i arbeid.
Me kunne ikkje forlate Singapore utan å vere innom Chinatown. Her opplevde me alt frå kinesisk linedance til indisk tempelmusikk. Her var det mykje folk, sterke lukter og mykje smått og rart som kunne kjøpast for ein billig penge. Dette var den einaste staden me har gått i kø saman med andre turistar.

Me veit at det er mykje i Singapore som me ikkje har fått med oss. Det hadde ikkje vore problematisk å opphalde seg her i minst ti dagar og likevel oppleve noko nytt kvar einaste dag. I morgon dreg me vidare, og eg trur det vert dårleg med blogging framover, sidan nettilgangen er svært svak på den båten me skal reise vidare med.
Singapore har vår aller varmaste anbefaling.
Helsing frå K-M
PS: Koffertane våre vart levert på hotellrommet natt til sundag. DS