SMAKSSANSEN

Kjære folk!

Eg er vel eigentleg ikkje så veldig opptatt av mat. Eg et når eg er svolten. Det er eg ganske ofte, og et difor støtt og stadig. Det er mogeleg at eg er meir oppteken av korleis maten ser ut enn av korleis den smakar. Eg trur kanskje og at eg vil ha lettare for å lage ei liste over kva eg ikkje likar enn over alt eg synes er kjempegodt. Det er altså denne sansen eg finn minst inspirerande. Det rare er at eg likar å lage mat, og at eg elskar å ha gjester og gjerne servere fleire rettar. Eg trur det handlar mest om å ha fine folk rundt meg. No rynkar sikkert mange på nasen og tenkjer sitt, men eg gidd ikkje late som noko som helst når eg skriv. Eg må vere meg. Dermed spørs det kor engasjerande og artig dette blogginnlegger blir. Men eg skal i alle fall prøve.

IMG_0630
Eg kunne ha levd i vekesvis på salat og godt brød. Dersom eg i tillegg fekk tysk Riesling, då ville måltidet vere perfekt.

 

På tunga sit smakslaukane. Desse inneheld reseptorar som reagerer på molekylar i maten. Me har rundt 10 000, og kvar av desse har nærare 1000 reseptorar. Dermed skal me eigentleg vere i stand til å skilje frå kvarandre og kjenne att ti millionar smaksinntrykk. Det gjer me altså ikkje.

Smakssansen vår er mellom anna svært avhengig av luktesansen. Dersom me set bind for augo og klype på nasen, vil me visst ikkje kunne kjenne forskjellen på appelsinjuice og sjokolademjølk. Me kan lukte utan å smake, men smaksopplevinga blir ikkje den same utan at luktesansen er med.

Då barnebarna mine var små, hadde me mykje moro med å ta bind for augo, og av og til bomull i nasen, og smake på det meste av det eg hadde i kjøleskåp og kjøkenskuff.

Dei fem grunnsmakane er søtt, surt, salt, bittert og umami.
Det seies at nokre av oss har skarpare smakssansar enn andre. Slike supersmakarar er ekstra kjenslevare for smaksopplevingar. Dei er utstyrde med fleire smaksreseptorar enn oss andre, og oppfattar både bittert og søtt meir intenst enn andre folk.

Me veit godt at med alderen blir både syn og høyrsle svekka. Det eg ikkje visste, var at smakssansen og blir dårlegare med åra. Den delen av smaken som først blir svekka, er evna til å kjenne det bitre. Nokre studium peikar og på at opplevinga av salt blir raskare svak enn for surt og søtt. I praksis vil dette seie at me stadig må tilsetje meir salt for at maten skal smake.

Dei som smakar og smakar på sausen for å få den så god som mogeleg, leitar sannsynlegvis etter umamismaken. Den finn me i kraft eller buljong, tomater, soyasaus, tang, sopp, mogen ost og parmesan.

Er det mogeleg å lage mat som stimulerer alle dei fem sansane våre? Ja, meiner kokkane.

  1. Kjensla av maten: Legg inn ymse konsistensar (sprøtt, knakande, mjukt og saftig) i same rett.
  2. Lyden av maten: Ulik hardleik skapar ulik lyd inne i munnen (me snakkar ikkje om smatting altså)
  3. Smaken av maten: Bruk råvarer som stimulerer alle smakssansane.
  4. Lukta av maten: Rådet er å lage eller lune maten rett før den skal serverast.
  5. Utsjånaden til maten: Bruk minst tre fargar, og ikkje legg opp to like fargar ved sida av kvarandre.

Tja, verre er det kanskje ikkje …

IMG_2248
Eg får matlyst når maten er fin, og fiskekaker kan og sjå ganske bra ut.

Smakeleg måltid!

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: