EG BER DEI MED MEG

Kjære folk!

Eg har dei med meg heile tida. Det er ei fin bør. Eg ser på dei ofte, og det er både litt trist og ei god trøyst. All denne kjærleiken frå generasjonane før meg. Alt dette håpet som sit som fastspikra i fem gullringar.

IMG_2929
Håp og kjærleik i fem gullringar.

 

Ein gong utpå våren i 1947 var det dans rundt Voss ein stad. Oline sin kjærast hadde brekt armen, og kunne ikkje danse så godt. Men det kunne han Konrad. Han nytta anledninga, baud opp Oline til ein svingom eller ti, og dermed var det gjort. Han stakkaren med armen i fatle vart kjærastelaus den natta. Konrad og Oline forlova seg julekvelden året etter.

Din Oline 24.12.1948
Din Konrad 24.12.1948
I mai 1950 gifta dei seg, og i 1953 kom eg. No ber eg all den kjærleiken dei hadde til kvarandre, og til meg, på venstre langfinger.

Der har eg og mormor sin giftering. Det er umogeleg å lese at det har stått Din Johannes i den, men det har det. Denne ringen sat på mor mi si hand frå den dagen mormor døydde i 1981 og fram til eg arva ringen i 2002.

Den fjerde ringen på den same fingeren fekk eg i gåve frå mi fyrste svigermor. «Eg ber for deg», sa ho, og eg veit at det var det finaste ho kunne gjere for nokon. No har eg bøna hennar med meg kvar enn eg går.

På den venstre ringfingeren sit ein gullring med blå stein. Eg kan ikkje hugse å ha sett hendene til mor mi utan denne ringen. Eg veit at ho ein gong hadde fått den i gåve frå far min. Eg veit og at han hadde kjøpt den ringen fordi den hadde ein stein som likna på augo hennar. Eg veit at dette var ei kjærleiksgåve, og eg er glad for å kunne bere henne med meg vidare.

Mine hender. Mine folk. Mykje kjærleik.

Helsing frå K-M

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

8 kommentarer om “EG BER DEI MED MEG”

  1. Rørende vakkert. 🙂
    God påske til deg og dine. 😎 Husk solbriller – uten syn kan du ikke se alt det vakre du skriv om.
    Ragnar

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: