EINSEMD

Kjære folk!

Fyrst to situasjonsbeskrivingar:

Ho skulle berre ned i kjellaren ein liten tur for å tømme papiravfallet sitt i konteinaren for resirkulering. Det var fredag og klokka var halv fire. Ho skunda seg. Arbeidsveka var over, og dette var det siste ho skulle gjere før ho gjekk heim for helga. Då smalt døra i bak henne. Nykkelen og mobilen låg att i veska utanfor. Tanken som då kom krypande, var alt anna enn god å tenkje ferdig. Ingen visste at ho hadde gått ned hit. Ho hadde ingen avtalar med nokon før måndag morgon. Ingen kom til å sakne, og ingen kom til å leite.

Det var 17. mai. Ho hadde nystroken bunadsskjorte og blankpussa bunadsko. I det fjerne høyrde ho trommevirvlar og hurrarop. Ho gjekk ut i sola for å feire nasjonaldagen og glede seg over å bu i eit fritt land. Denne dagen er den dagen då alle skal ut og gå i finstasen sin, stå tett saman og vere eitt folk. Ho gjekk oppover gata og gjorde alt ho kunne for å halde ryggen rak og munnen smilande. Det tok ikkje lang tid før ho snudde og gjekk bakvegen heim med tårer i augo. Det var skammeleg, det var flaut. Det var vanskeleg å skjule at ho var heilt aleine. 17. mai er den dagen ingen snakkar om, – den dagen då einsemda er som aller mest synleg.

Me lever i eit særdeles sosialt samfunn. Det gjer det ekstra vanskeleg å vere aleine og å innrømme for seg sjølv og andre at du har berre deg sjølv. Det er langt fleire menneske som kjenner seg einsame enn det me trur. Derfor burde det å vere einsam heller ikkje vere eit tabuområde.

IMG_2179
Det passa liksom best med eit vinterbilete i dag når eg skriv om einsemd.

Einsemd er eit usynleg problem. Dei som kjenner seg einsame skammar seg over å vere det, og snakkar difor heller ikkje om det. Alt dette gjer det vanskeleg å gjere noko med.

Storting og regjering er opptekne av einsemd som eit folkehelseproblem, og ein plan med tiltak mot einsemd er etterspurd.
Eg høyrde ministaren for eldre og folkehelse på radioen der ho blant anna kom med forslag om at det kunne setjast fram kaffi og koppar på stader der folk kunne møtast og snakke saman. Men kven er det som kjem til å setje seg ned der og ha det hyggeleg? Det er i alle fall ikkje dei einsame.

Einsemd er eit område det er vanskeleg å lage gode planar for. Mi erfaring er at det er godt for alle å kjenne seg etterspurd og vite at det er bruk for dei. Eg trur på å kople saman dei som ynskjer seg vitjing med dei som kunne tenkje seg å vitje nokon. På den måten kan ein hjelpe både eldre og yngre einsame.

Eg trur på at det er god hjelp mot einsemd å få lov til å gjere noko godt for andre.

Eg trur på turgrupper utan forventning om noko anna enn å gå på tur, og på sangkor utan forventning om noko anna enn å syngje. Terskelen må vere låg. Men dersom dette skal hjelpe mot einsemd, må me tru på at dei som ikkje kjenner seg einsame har gode antenner og at dei vil spørje: «Har du lyst til å bli med?» Dei einsame kjem nemleg ikkje til å spørje, for det er ein av grunnane til at dei er einsame.

Tjuven

Det fantes ikkje vitne
ingen såg det
då han braut seg inn
med mjukt ullskjerf
og lukt
av vind og vidde

Alle såg det
då han tok med seg
det beste i henne
og skunda seg
derifrå

Einsemda var ståande
Svartkledd gravfølgje
i kvit snø. Rundt båra
lyste brennheite fotefar

Og ho;
skrøpeleg i alle retningar
synleg i alle fargar

 

Helsing frå K-M

 

 

 

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

4 kommentarer om “EINSEMD”

  1. Hei K-M.

    Selv om jeg ikke legger igjen bevis for at jeg har lest din blogg leser jeg gjennom alle og lagrer de i mine tanker.
    Dagens tema Einsemd som du kaller det, har jeg selv skrevet et dikt om, men da kalt det for Vinterbarn. Du bruker et bilde fra vinteren i ditt innlegg og det er vel nettopp det en kan føle når en blir fryst ut. Å føle at en ikke er med i det store fellesskapet er ikke noe å hige etter og en skal være sterk for å klare å komme inn i varmen igjen hvis det ikke er noen som tar ansvar og strekker ut en hånd. Jeg legger med dikt om Vinterbarn.

    Ha en fin dag videre og takk for at du setter ord på mange ting som vi ikke er så flinke til å snakke om.

    Mvh Ragnar

    Vinterbarn

    Du har kanskje sett de, stå der for seg selv,
    de blir ikke bedt hjem til venner på en hyggelig kveld.
    Bakerst står de med hodet på skakke,
    redd for atter å få, et slag mot sin såre nakke!

    De er ikke som alle de andre,
    taus og tilbaketrukket vil de alene vandre.
    De andre vil ikke gi dem fred og ro,
    men i ring omkring dem de sto.

    De hakket og sparket og spyttet og lo,
    avkledd sto de der uten klær og sko.
    Så gikk den vonde tiden endelig over,
    nå ligger de i sin grav og sover.

    Er det slik vi vil gjøre, med de som går for seg selv,
    hvorfor kan vi ikke be de hjem en stille kveld ?
    Og la de få føle den varmen som gror,
    i trygge heimer som mange av oss bor!

    La det derfor på dem litt solskinn få lyse,
    så slipper de å stå ute i kulden å fryse.
    De har ikke bedt å få komme til denne verden,
    strekk derfor ut en hånd og hjelp de frem på ferden!

    Ragnar Eliassen

    Likt av 2 personer

    1. Kjære Ragnar!
      Hjertelig takk for en nær og varm kommentar til hjertet mitt og til hjertene til alle som leser.
      Alle voksne som ser et barn som er satt utenfor slik du beskriver i diktet ditt, må reagere. Ingen kan stå stille og se på slik kulde uten å gripe inn. Grunnskoleloven har nå heldigvis et eget punkt om mobbing. Det er å håpe at alle de tiltakene som blir iverksatt vil hjelpe, men jeg tror dessverre at mobbing, og den ensomheten som følger av det, er veldig vanskelig å bli helt kvitt.

      Ensomhet blant unge og voksne er også et stort problem, og ofte er det et usynlig problem. En av grunnene til det, er at ensomhet er skambelagt. Dessuten har vi alle så inderlig nok med oss selv og våre egne bekymringer. Det hjelper kanskje bittelitt dersom vi våger å snakke om det.

      Hjertelig takk, Ragnar, også for at du leser det jeg skriver. Det er godt for meg å vite.
      Jeg håper du har det godt!
      Hilsen fra Karen-Margrethe

      Liker

      1. Hei igjen.

        Etter forholdene har jeg det bra. Selv om enkelte sår bruker lengre tid på å gro.
        Hvordan går det med deg og dine plager? Hjelper fortsatt behandlingen for migrenen?

        Ha en fortsatt fin dag.

        Klem Ragnar

        Likt av 1 person

      2. Vi får alle prøve å gjøre det beste vi kan ut av det livet vi har fått, – og kanskje får vi det til slik at ikke skorpa blir revet av sårene for ofte. Lykke til videre, Ragnar!😊

        Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: