Kjære folk!
Så var det tysdag, og tysdag er bloggedag.
No har eg skrive ned tankane mine om einsemd, fattigdom og psykisk sjukdom. Har de tenkt på at av og til og for nokre menneske, kan alt dette ramme samstundes? Dette er slett ikkje lystelege tankar, og når det gjeld tankar, så må me vel ta imot dei som kjem – dersom me ikkje klarar å jage dei bort då. Her er eit dikt om å prøve på det.
Tusen tunge tankar
mumla og
mumla. Ho
ville gjere dei om
til statuar
bere dei ut på plenen
Gå ifrå dei der,
inn att.
Men der ute
ville dei høgst truleg verte
ståande og
mumle
vidare
Såpass høgt at
ho ville gå ut,
leggje dei i
bagasjerommet,
køyre dei ned
til hamna,
dumpe dei ut
i det gjørmute vatnet.
Der
kunne dei liggje. Freiste
å mumle vidare
Vatnet ville fylle
dei vidopne gapa. Kvele
kviskringa
ein slik høgtidsdag
ved fjorden

Når eg i fortsetjinga skal skrive vidare om tabuområda våre, skal det handle om døden. Eg lovar ikkje at det berre blir trist og leit.
Eg, som alle andre, likar å ha balanse i livet mitt. Så for balansen si skuld og fordi eg kjenner meg så glad, avsluttar eg med eit bilete frå hagen. Litt hagearbeid er og veleigna når ein ynskjer å sende bort tunge tankar.

Helsing frå K-M