Kjære folk!
Kvifor snakkar me ikkje om døden? Kvifor er ordet «døden» meir eller mindre fråverande i dei daglegdagse samtalane? Vågar me ikkje? Kva er det som gjer at det er slik?
Alle veit at uansett om me er kvinne eller mann, religiøs eller ateist, tjukk eller tynn, norsk eller ikkje, – døden er noko me alle skal møte. Det er litt skummelt, men er det ikkje slik at også denne delen av livet blir enklare å tenkje på dersom me snakkar om det?
Døy skal me, – uansett. Trur de ikkje at det er lettare å akseptere det dersom me maktar å setje ord på det? Eg trur det.

Me har høg levestandard, god helse, og me gjer kva me kan for å halde oss unge og leva lenge. Det er kanskje ikkje så rart at dette med døden verkar fjernt, unaturleg og skremmande. Mange vel å seie «sovne inn», «gå bort» eller «ta farvel» i staden for å kalle døden for døden. Det heiter å bli født, og det heiter å døy.
Det er heilt vanleg å vere redd for å døy. Nokre er redde for den augneblinken då det skjer, andre tenkjer meir på dei menneska ein skal døy ifrå.
Eg trur alle er einige om at døden er like naturleg som ein fødsel. Alt har ei byrjing og alt har ein slutt. Me veit så lite, og me kontrollerer så lite. Men kanskje me kan bli tryggare dersom me vågar å snakke saman om døden på same måten som me gjer om ein fødsel.
Eg trur på å dele alle tankar, dele det me er usikre på og prate om det me er redde for. Eg skal i alle fall skrive om dette denne veka, men innrømmer at dette er eit vanskeleg tema. I skriveprosessen har eg vore redd for å tråkke feil, og eg har støtta meg på stoff eg har funne:
- verdidebatt.no
- Info frå diverse gravferdsbyrå
- Artikkel i sykepleien.no v/sjukehusprest Ingebrigt Røen
- fagbladet.no
- Våg å snakke om døden av Kjersti Sunniva Iden Knudsen
I dag sluttar eg óg av med eit bilete som viser at sommaren og livet er på veg fram i hagen min. Dei heng nøye saman desse to; livet og døden.
Helsing frå K-M
PS:
Då eg fortalde at eg skulle skrive om døden, fekk eg spørsmålet om eg også kom til å skrive om aktiv dødshjelp. Det kjem eg ikkje til å gjere. Det er eit vanskeleg tema for meg, og det er fleire spørsmål her som eg slett ikkje har funne gode svar på. Men eg synes det er bra og naudsynt at debatten rundt slike verdispørsmål blir lyfta fram.
DS.