Kjære folk!
Det er vondt!
Det heiter sorg.
Sorga kan vere så stor at all tidlegare smerte vert for småting å rekne.
Då far min døyde, måtte eg passe på mor mi. Det var ikkje plass for sorga mi.
Då mor mi døyde, trengde sorga etter dei begge inn i alle cellene i kroppen. Verda stoppa opp. Bereveggane i livet mitt var borte. Slik var det sjølv om eg nærma meg 50 år. Dei som hadde gjort meg til den eg var, fantes ikkje meir. Aldri meir skulle nokon vere så mjuk inne i hjartet sitt for meg.

No stod eg att som den eldste. No var eg aleine om å vere mor. No var det min tur til å vere berevegg.
Mor
Høgt elska
heilt til dei siste sekunda hennar
tikka ut i januarnatta. No
luktar det ikkje mor meir
av strikkejakka. Likevel
let eg att augo, ser
eit bilete eg såg
av raud rose
stukken inn
under folda hender.
Fødast aleine, men
då var ho der
og tok imot med mjølk og glede
leve aleine
Døy aleine
i lengt etter vintermorgonar
i den djupe dalen
der sola ikkje viser seg, men
lyser opp dalen likevel
Helsing frå K-M
❤️
LikerLiker
😊
LikerLiker