NÅR HUSET STÅR TOMT

Kjære folk!

Det er slik at når dei som bur i eit hus er døde, så skal etterkomarane tøme huset for alt det desse menneska eigde.

Då eg skulle rydde i huset til mor og far min, gjekk eg rundt og studerte fotografia, las eitt og anna brev, vatna plantene, lukta på parfymen, tømte askebegeret og smakte på syltetøyet. Alt var slik det hadde vore, men likevel var alt heilt annleis.

Fortsett å lese «NÅR HUSET STÅR TOMT»

DÅ MISTAR ME KONTROLLEN

Kjære folk!

Eg har alltid hatt kontroll.
Eg har fiksa dette livet. Uansett kva det har hatt å by på, så har eg reist meg opp att og kome meg vidare. Men ein gong vert det min tur til å sleppe taket.

Ingen veit. Det kan hende eg skal leve i meir enn 30 år til. Eg er ikkje redd, men eg likar det ikkje. Eg tenkjer lite på det, men av og til kjem dei spørsmåla ingen har alle svara på.

IMG_2968
Kyrkjegarden på Ål. Biletet er tatt berre for eitt par dagar sidan.

Fortsett å lese «DÅ MISTAR ME KONTROLLEN»

Å MISTE

Kjære folk!

Det er vondt!
Det heiter sorg.
Sorga kan vere så stor at all tidlegare smerte vert for småting å rekne.

Då far min døyde, måtte eg passe på mor mi. Det var ikkje plass for sorga mi.
Då mor mi døyde, trengde sorga etter dei begge inn i alle cellene i kroppen. Verda stoppa opp. Bereveggane i livet mitt var borte. Slik var det sjølv om eg nærma meg 50 år. Dei som hadde gjort meg til den eg var, fantes ikkje meir. Aldri meir skulle nokon vere så mjuk inne i hjartet sitt for meg.

Fortsett å lese «Å MISTE»

Å SNAKKE OM DØDEN

Kjære folk!

Kvifor snakkar me ikkje om døden? Kvifor er ordet «døden» meir eller mindre fråverande i dei daglegdagse samtalane? Vågar me ikkje? Kva er det som gjer at det er slik?

Alle veit at uansett om me er kvinne eller mann, religiøs eller ateist, tjukk eller tynn, norsk eller ikkje, – døden er noko me alle skal møte. Det er litt skummelt, men er det ikkje slik at også denne delen av livet blir enklare å tenkje på dersom me snakkar om det?
Døy skal me, – uansett. Trur de ikkje at det er lettare å akseptere det dersom me maktar å setje ord på det? Eg trur det.

IMG_2151
Gravplasser ved Ål kyrkje.

Fortsett å lese «Å SNAKKE OM DØDEN»