DÅ MISTAR ME KONTROLLEN

Kjære folk!

Eg har alltid hatt kontroll.
Eg har fiksa dette livet. Uansett kva det har hatt å by på, så har eg reist meg opp att og kome meg vidare. Men ein gong vert det min tur til å sleppe taket.

Ingen veit. Det kan hende eg skal leve i meir enn 30 år til. Eg er ikkje redd, men eg likar det ikkje. Eg tenkjer lite på det, men av og til kjem dei spørsmåla ingen har alle svara på.

IMG_2968
Kyrkjegarden på Ål. Biletet er tatt berre for eitt par dagar sidan.

Er det vondt å døy? Etter det eg har lese, kan eg trøyste meg med dette svaret:
Brå død er nok ikkje vondt, men smertene og ubehaget kan heilt sikkert kome når organa sluttar å fungere. Heldigvis finnes det gode smertestillande medisinar som lindrar. I Noreg vil alle gjere alt dei kan for at den siste tida skal vere så lett som mogeleg å kome seg gjennom.

Kva skjer med kroppen når døden nærmar seg? Søvnbehovet vil kome til å auke, orienteringsevna vil bli svekka, interessa for mat og drikke vil bli borte, og etter kvart vil me forsvinne inn i ein rus eller ein døs.

I Noreg er det heldigvis slik at så godt det let seg gjere, skal ingen døy aleine. Det er godt og trygt å vite at eg vil bli tatt hand om.

Dette diktet skreiv eg då det yngste barnebarnet mitt var lita og akkurat hadde lært seg å gå. Ho stavra smilande rundt. Eg nærma meg 60 og kjende det.

Ein dag
No er det ho
som er lita,
mjuk og
rund
Må halde handa
for ikkje å ramle
Må lære seg
alle ting. Eg
er farmor
er sterk,
vis,
veit og kan alt

Ein dag vert eg
lita
med lang nase og
smale lepper
Må halde meg fast
for ikkje å ramle
Må lære meg
nye ting. Ho
er sterk,
vis,
veit og kan alt

Då må ho
passe me
før eg går ut døra,
snur meg og ser huset
med alle blomane
Før eg snur meg
og ser den kvite
døra
for siste gong
med handa mi
i hennar

Det ville ha vore fint
om det var sommar
den dagen ho må skaffe hjelp
til å grave eit hol
Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

4 kommentarer om “DÅ MISTAR ME KONTROLLEN”

  1. Tenker på da jeg fikk Hjertestans. Jo det var noen minutter som var svært smertefulle. Men da de la meg inn i sykebilen og kjørte husker jeg at vi passerte svingen der en venn av meg bodde. Så var det akkurat som jeg sovnet inn. Jeg kom til meg selv i sykerommet med bå lys over sengen og mange hvitkledde mennesker med forskrekkede miner sto omkring meg. Jeg hadde hatt 4 elekriske sjokk for å få hjertet i gang og hadde ikke merket noen verdens ting. Nå lå jeg her med den fred som morfinen gir. Jeg tenkte på at om jeg ikke hadde våknet her på jorden så hadde jeg våknet hos Herren Jesus. Poenget mitt er dette: På tross av noen kaotiske smertefulle minutter, Om jeg hadde dødd der og da,så var det akkurat som å legge seg til å sove, Så våknet jeg igjen………….. Får jeg gå ut av livet slik skal jeg ikke frykte mer for min siste stund. Men dette var meg og min erfaring. Ville bare dele dette i ditt kommentarfelt. Takk for en fin og interresant blogg.Karen.

    Liker

    1. Det var ei fin fortelling, Dagfinn! Det du skriver skremmer ingen. Det er betryggende å lese om alt fra dyktige folk med blålys, morfin, fred og håp. Takk skal du ha for at du deler. Og jammen var det godt at de fikk hjertet ditt i gang igjen.
      Det er hyggelig at du leser og at du finner det interessant. Varme tanker til deg fra meg.

      Liker

  2. Du berører de vanskelige tankene her. Så fint og sårt, både dikt og tekst. Vi lever i dette spenningsfeltet mellom ønsket om å leve lenge men ikke bli gamle, tenker jeg. Takk for at du skriver!

    Liker

Legg igjen en kommentar