Kjære folk!
Engelsk utfordrar norsken på det eine området etter det andre.
Fleire store, norske bedrifter blir administrert på engelsk.
Skuleborna våre lærer engelsk frå fyrste klasse.
Eg trur likevel ikkje at morsmålet vårt er på veg ut. Engelsken har kome inn i språket vårt, og den har kome for å bli, men eg trur ikkje den har kjangs i det heile i konkurransen med norsk som daglegspråk i Noreg.
Me har eit normert skriftspråk og språket vårt har status som offisielt språk. Det som kjenneteiknar dei språka som verkeleg er utrydningstruga, er at dei manglar desse to viktige politiske vedtaka.

Sjølv om det norske språket ikkje er direkte truga, må ikkje det hindre styresmaktene i å forplikte seg på å gjere kva dei kan for at det skal vere slik også i fortsetjinga. I Jeløyerklæringa forplikta regjeringa seg på å gjere framlegg om ei ny språklov. Denne forpliktinga gjeld forhåpentlegvis framleis sjølv om Krf har kome til. Det er viktig at me ikkje har ei «det får gå som det går-haldning» til språket vårt. Språk er trass i alt limet i samfunnet og det er med på å definere kven me er.
Mange har sterke meiningar om å verne norsk natur, men meiner lite om vern av norsk språk. Eg trur det er ganske vanleg å tenkje på språk som noko som berre er her og som vil fortsetje å vere her uansett. Men slik er det ikkje med noko, – og i alle fall ikkje når det gjeld språk. Dersom me ynskjer eit friskt og levande norsk språk, må me vere merksame på at det er sterkt pressa på fleire område. Born og unge er ivrige brukarar av internett, og det norskspråklege kulturtilbodet på nettet for denne aldersgruppa er svært dårleg. Eit anna eksempel er at ved ein del universitetsstudium er engelsk i ferd med å ta over som fagspråk.
For ei tid attende kom det ein rapport, tinga av Språkrådet, som viste at det norske språket var svekka på nesten alle samfunnsområda. Eg har ikkje klart å finne ut om regjeringa har tenkt å setje i verk tiltak for at norsk skal kunne vere eit fullverdig språk i heile samfunnet vårt framover.
I så måte er det noko som forundrar meg.
Å vere lærar er eit viktig yrke. Eg har aldri møtt nokon som ikkje har meint det. Det er også ynskjeleg at det er flinke, bra folk som vil bli lærarar. Det eg ikkje forstår, er kvifor ungdom med lærarambisjonar må ha 4 eller betre i matematikk for å kome inn på lærarstudiet. Dersom politikarane meiner at det bør være eit karakterkrav, – burde ikkje det då heller vere i norsk?
Helsing frå K-M