Kjære folk!
Det ser ut til å bli ein fin torsdag. Eg startar dagen med å gå ut på verandaen i andre høgda for å sjå ut over fjorden og hagen. I dag er det staudebedet som får æra av å bli fotografert. Å sjå det spire og gro, gjer meg like glad og like overraska kvar einaste vår. I denne delen av hagen skiftar fargane heile den snøfrie årstida etter som nye plantar veks til og får blomar.

Men temaet er språk. Hagepraten får me ta ein annan dag.
Dette diktet skreiv eg etter at eg hadde lese Karl Ove Knausgård sin takketale då han fekk Svenska Akademiens nordiske pris.
Det stod der og venta
på kvar og ein av oss
på deg
på meg
den dagen me kom
ut i denne verda
slik var det
for oldemora mi
for bestemora mi
for mor mi og
slik var det
for sonen min
for hans son og
slik vert det
Språket står der
klart for bruk
Her og no
kan eg
kan du
kan me alle
sleppe laus
tankar
meiningar
med fine ord som
har vore der og
vorte overlevert
frå generasjon
til generasjon
Det fyrste ordet
sonen min sa var
lys
Lys, sa han
og peika.
Han og språket hadde vorte
eitt
Har me noko meir
verneverdig?
I morgon skal me rope hurra.
Eg sender ein liten hurra-tanke til det norske språket og ynskjer alle ein strålande nasjonaldag.
Helsing frå K-M