Å TENKJE PÅ ORD

Kjære folk!

I dag tenkjer eg på ord: blant anna på gamle ord, lange ord og på skjellsord. Språkrådet meiner at det i alle fall finnes 300 000 ord i det norske språket, så her er det nok å både tenkje med og på. Slik til kvardags kjem me visst langt dersom me tek i bruk eit par tusen av desse.

Her kan du sjå det eg vakna opp til denne morgonen, og dei orda eg tenkjer med denne dagen er desse: overskya, Sundre, torg, Veståsen, tingstugu, folkemusikkveke, glede og venninnetreff.

IMG_3051
Om ikkje lenge skal eg ut hit. Eg lurar på kor mange ord eg kjem til å bruke i dag. Ganske mange, trur eg.

Det finnes mange ord som var aktivt i bruk hos dei fleste for ikkje så veldig mange åra sidan. Eg kan for eksempel nemne bankbok, skrivemaskin, pausefisk og rettetast. Dette er ord som fortel oss om tida som var. Eg kjenner nostalgien pirre hjarterøtene mine når eg tenkjer på kvifor me brukte desse orda.

Andre ord er ute av språket vårt fordi det norske språket er i ferd med å bli kjønnsnøytralt: Lærerinne, sjukesyster, ekspeditrise og hushalderske. Me har fått eit meir likestilt språk, men haldningane våre heng framleis fast i nokre gamle ord. Me veit kven me snakkar om når me baktalar prestefrua, men mannen til presten har ikkje fått sitt eige ord i språket vårt. Prestemannen? Nei, han kjenner me ikkje.

Medan eg er inne på gammaldagse ord, her er ei lita liste over skjellsord som er i ferd med å døy ut: Hespetre, suppehue, vriompeis, dummenikk, sjarlatan og burugle. Desse er det veldig lenge sidan eg høyrde nokon bruke.

IMG_3010
Av og til, eller ganske ofte, vert ordforrådet mitt sett på prøve når eg løyser kryssord.

Me har og ein tendens til å vere på leit etter korte ord. Det er nok grunnen til at nokre norske ord har blitt bytta ut med engelske:

  • Formiddagsmat/lunsj
  • Kortbukse/shorts
  • Skyggelue/caps
  • Fjernsynsapparat/TV

Andre gonger kan det bli naudsynt å ta i bruk kjempelange ord, som for eksempel fjernundervisningsorganisasjon og datakommunikasjonsteknologi. Kan nokon kome på fleire slike?

Ord kan til og med vere såpass morosamt å tenkje på at det blir eit lite dikt av det.

nokre av dei
kan eg
smake på
ha dei
inne i munnen
kjenne dei
boble mot tunga
gape opp og le av dei
urtepotte
hurlumhei
rappenskralle

andre
må eg
spytte
eller syngje ut
høyre klangen og
rytmen
gape opp og late dei kome
hugteken
molefonken
fusentask

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: