NORSK IDENTITET

Kjære folk!

Norsk identitet, – kva er det? Eg veit ikkje, – gjer du?
Er det skolekorps, brunost og folkeeventyr, eller er det sydeferie, harryturar og flatfyll?

Det er avgjerande at alle born lærer seg norsk, men det spelar vel inga rolle om det er kornett eller balalaika dei lærer seg å spele i tillegg?
Det er viktig at alle born har med seg matpakke, men det er vel ganske uviktig om dei har med seg brødskive med brunost eller ein boks med grøn kyllingcurry i ranselen sin?

Bør ikkje norsk identitet vere litt tøyeleg og elastisk?

IMG_0266
Her er eg og mi gode venninne, Edith, i kvar vår bunad. Veldig ulike, men norske. 

Når nokon spør mannen min om han kjenner seg norsk eller tysk, så seier han «ja». Bør ikkje alle innvandrarar få lov til å svare på same måten?

Kva er eigentleg vitsen med å definere norsk nasjonalidentitet? Bør ikkje det viktigaste vere å gjere samfunnet vårt så opent at alle som bur her kan ta del i det og ha det bra her?
I staden for å spørje kva som er norsk identitet, bør me ikkje heller spørje kva slags haldningar me vil skal leve vidare?

Dersom eg skal trekkje fram noko eg er stolt av, vil eg tale varmt om helevesenet som hjelper oss med å halde oss friske, om utdanningssystemet som let oss utvikle evnene våre, om arbeidslivet, om kunsten, om rettsvesenet og om alt det andre som er for oss alle. Uansett utdanning, kjønn, religion, hudfarge, seksuell legning, alder og bustad, – dette er for alle!! Det vil eg skal vere den norske identiteten no og i framtida.

Dei som er så redde for at me skal miste det dei kallar kristne verdiar og den norske kulturarven, – dei må slutte å preike. Dei må i staden ete brunost, fylle kyrkjeromma sundag føremiddag, melde seg inn i bygdeungdomslaget, gå på springarkurs og lære seg alle versa på «Blant alle lande». Det er ved å bruke det me set pris på at me tek vare på det.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: