Kjære folk!
Eg er ofte glad. Eg er like ofte bekymra og litt uroleg altså, men i dag var det gleda eg skulle skrive om. For meg er glede ein reaksjon på at det har skjedd noko positivt. Eg trur den oftast kjem sprettande når eg, eller ein av dei eg bryr meg om, har fått dekt eit behov. Eg trur at for meg dreier glede seg blant anna om å leggje merke til alt det eg verdset høgt.
Eg har så utruleg mykje å vere glad for. Eg burde vere glad heile tida fordi livet mitt er fylt av slike «ting» som eg set høgt:
- Ei teikning som var ei gåve frå eit barnebarn.
Eg går forbi, stoppar opp og hugsar. Då kjenner eg at eg smiler for meg sjølv og veit at eg er heldig av den enkle grunn at eg elskar. - Radioen står på. Plutseleg kjem ein av yndlingsmelodiane mine, eller ein kjapp og synkopert danselåt. Eg kan syngje med eller slå meg heilt laus og danse med kroppen ut til alle kantar.
Glede kan og vere å ha god tid til ikkje å skunde seg så kjempefort av stad gjennom livet sitt, og å kunne nyte slike små stunder og stanse opp for å setje pris på det ein verdset så høgt.

Eg er glad
det kriblar
sjølv om sola
ikkje skin
Heilt aleine
går eg og er
glad
inne i heile meg
spring gleda
og dultar borti
tarmane
og mellomgolvet
Ser mosen
Høyrer vinden
Kjenner regnet
Ei brødskive i sekken
endå ei
snart
og sjølvsagt kaffi
Glede er vel og å ha noko å glede seg til. Eg trur det er mogeleg å trene seg opp til å finne små ting å glede seg til.
Eg kan og kjenne det når eg merkar at det er nokon eg set så stor pris på at glede-kjensla strøymer på. Då kjenner eg at det kriblar og boblar ein stad inne i kroppen. Eller sit denne gjensynsgleda i heile kroppen? Det kan i alle fall resultere i gledesutbrot og smil som sit fast i fjeset så lenge at kinnbeina må bli tvinga på plass att. Latteren sit laust då, skravla går og eg får lyst til å klemme hardt og lenge.
Å vise glede har nok og ein sosial funksjon. Eg kan bli glad berre fordi andre er glade. Glede er skikkeleg smittsamt og kan knyte folk saman.

Eg veit og at eg kan bli kjempeglad, om kanskje på ein litt annan måte, dersom eg har vore veldig bekymra og det viser seg at alt har gått bra. Då kan gledestårene kome.
Det bør vel nesten vere ulovleg å skrive om glede utan å sitere Arnulf Øverland. Han skriv om slik glede som varar lenge og som ein kan bere med seg heilt fram til enden:
«Det er en lykke i livet
som ikke kan vendes til lede:
Det at du gleder en annen,
det er den eneste glede.»
Helsing frå K-M