ALLE DESSE KJENSLENE

Kjære folk!

Alle kjensler vert trigga av noko, og alle kjensler kjennes frå mildt til veldig sterkt. Me har dei anten me vil eller ikkje. Dei er ikkje farlege, og dei er ikkje farlege å kjenne på. Det er heller alt det me gjer for å unngå å kjenne på alle desse kjenslene som kan skaffe oss trøbbel.

IMG_2932

Her passar det godt med eit sitat av Pearl S. Buck:
«Du kan ikke bestemme deg for å føle noe du ikke føler, men du kan bestemme deg for å gjøre det rette på tross av følelsene dine.»

Eg trur på at det er hjelp i å godta at kjenslene er der:
«Hei, sorga mi, der er du og minner meg på han som var så viktig i livet mitt.»
«No vart eg visst kjempesint.»
«Hallo, redsle. Der var du att, men dette her er slett ikkje farleg.»

Eg trur på å kjenne att dei forskjellige kjenslene og å øve seg på å ha dei inne i kroppen.
Kjenslene våre er nok den informasjonskanalen me alle bør velje å lytte til. Dei er rett og slett eit av dei viktigaste signalsystema som finnes, og dei kjem sjeldan med «fake news». Me kjem til jorda utrusta med evna til å vere glade, redde, triste og sinte. Det skal me setje pris på.

Dei aller fleste dagane
er verda
ein uoppdaga kunstskatt
og eg kan
leite meg fram
mellom glitrande ljossetjing
og lokkande akkompagnement

IMG_2916

Men plutseleg
vaknar eg
og oppdagar
at det ikkje sit nokon
songfugl
på morgonkvisten
denne dagen.

IMG_2917

No framover ei god stund skal eg skrive om alle desse kjenslene; sinne, giddasløyse, sjalusi, irritasjon og redsle. Aller fyrst litt om glede, – og til slutt mykje berre om glede.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: