Kjære folk!
Mi vesle pause frå blogging om diverse kjensler, passa fint saman med ein tur til Bergen saman med eit barnebarn. Me fekk med oss alt frå omvising på Baroniet Rosendal og Troldhaugen til oppgåveløysing på Vitensenteret. Bergen er ein fin by med svært mykje å by på. Litt regnver fekk me og med oss.

Vel heime sit eg no og prøver å samle meg slik at eg kan skrive eit nytt innlegg i rekkja om kjensler. På veggen midt imot spelar franske kvinner kvartfinale mot USA. Der er og kjenslene både mange og sterke.
For dei fleste av oss er det heldigvis slik at som oftast er alt heilt greitt. Ja, det er faktisk slik at det stort sett er fint å vere til. Men nokre dagar er det annleis, og det er slett ikkje alltid så lett å vite kvifor det er slik eller sånn.
Fargebyte
Kan eg
få stå her
i ljoset frå deg
berre ei lita stund
eller aller helst
litt lenge
for
her hos deg
trur eg at eg
kan fargeleggje
innsida mi
Eg har mange
vakre gråtonar
som du
kan få
i byte mot
litt raudt og rosa.

Ver så snill
Eg er ikkje irritert
på nokon
og framfor alt ikkje
på deg,
men det er du
som er
her
no
Eg er aldri sur
for ingenting
og slett ikkje
for noko du
kan for,
men det er du
som ser
meg
no
Eg ber deg berre om å gå
om å snu deg
og framfor alt om ikkje
å trøyste
eller seie noko fint,
for
eg vil så gjerne
sleppe
å gråte.
Møte
Det var berre
den eine gongen
at du
stod der
og eg såg
at du var
du
Berre
den eine gongen
den eine kjensla
eg trudde eg hadde
gløymt.
I morgon skal eg skrive om å grue meg, tysdag om å ikkje gidde og deretter om å vere redd. På slike soldagar som me har framfor oss no, ville det nok passe betre med litt glede, men det lovar eg at skal det bli mykje av etter kvart.
Helsing frå K-M