Kjære folk!
Litt fram i tid skal eg noko som eg gruar meg til. Eg gruar meg såpass at eg lurar på om eg skal ombestemme meg og melde avbod. Eg kan vere verdsmeistar i å fantasere om og spekulere i framtida. Dette er ofte ei fantastisk evne som eg set pris på at eg har, men i dette tilfellet, verkar det heilt annleis. Når eg tenkjer på det eg skal, kjenner eg at energien forsvinn frå meg som gjennom eit hol eg ikkje finn proppen til.

Eg gruar meg sjeldan til filleting. Dersom det er noko eg må gjere, så ser eg som oftast til å få det gjort. Dersom eg skal seie noko i ein forsamling, veit eg at det er lurt å vere godt forberedt. Dersom eg har noko å utøve som er vanskeleg, er det lettare dersom eg øver. Som oftast veit eg at mange har mykje meir alvorlege ting å grue seg til enn det eg har.
Som barn lærte eg å ikkje bry meg så mykje om det – alle måtte finne seg i å køyre hovudet i murveggen av og til, fekk eg høyre. Det var sunn lærdom. Når eg datt, børsta eg av meg skiten, reiste meg opp att og prøvde ein gong til. Så kvifor gruar eg meg no? Eg har jo lært at det meste ikkje er så farleg.
Eg trur det er slik at det eg fokuserer på, det veks. No tenkjer eg såpass mykje på dette at det veks seg kjempestort og blir veldig viktig. Det blir mykje viktigare og tek mykje større plass i livet mitt enn det det fortener å ha.
Eg har nokre spørsmål eg veit det er lurt å stille:
- Kva er det verste som kan hende?
Når eg tenkjer nøye etter, er det ikkje så mykje fælt som kan skje. Dessutan så veit eg at alle kjem til å vere mest opptekne av seg sjølv. Det er berre eg som har meg som hovudperson. Det er alltid ei trøyst. - Kva gler eg meg til?
Det er faktisk ganske mykje i denne framtidige situasjonen som er rein glede. Eg veit og at eg skal vere saman med folk som set stor pris på at eg er der og er meg.
Eg veit at når det er over, kjem eg til å kjenne at eg har kasta bort tida på all denne gruinga. Eg kjem til å tenkje at eg har laga veldig mykje ståhei for ingenting inne i hovudet mitt, for dette var ingenting å grue seg til.
Helsing frå K-M
Er berre så innmari glad forcat eg ikkje er aleine om å ha det slik. Så mykje bortkasta tid på noko som alder vert til noko. Takk .
LikerLiker
Hei! Eg trur dei fleste har det slik innimellom, men kanskje me ikkje gruar oss til dei same tinga. Heldigvis vil det meste som oftast gå bra. Me får trøyste oss med det. Ynskjer deg ei fortsatt god helg.
LikerLiker