EG GIDD IKKJE

Kjære folk!

Av og til kjennes det som om eg har brukt opp viljestyrken min. Heng det på greip? Eg veit at eg burde ha tatt på meg joggeskoa og tatt fatt på nokre kilometer utomhus i raskt tempo. Eg har sett det eitt par veker no, at vindaugsrutene treng ein omgang med vatn, klut og nal. Likevel sit eg på baken med kaffikopp på bordet og god musikk på øyret. Eg gidd ikkje! Eg gidd ikkje gjere noko som krev at eg lear meg fysisk.

IMG_3136
Å ikkje gidde anna enn å sitje

Å ha vilje til å få noko gjort er ikkje det same som å få noko gjort. For å kome meg i gang treng eg viljestyrke. No har den tatt ferie. Det er ikkje så ofte eg har det slik, så eg vel å ta det med knusande ro. Eg reknar med at dette vesle ferieuttaket vert kortvarig. Eg blir sitjande og nyttar tida til å tenkje på nettopp viljestyrke.

Det er ikkje slik at eg ikkje vil, det er berre det at eg ikkje vil det nok. Eg vil i alle fall ikkje akkurat no.

Det finnes inga pille for å auke viljestyrken. Det finnes berre gode råd og tips for korleis ein kan trene seg opp til å ville meir:

  1. Fokusér på ei oppgåve i slengen
  2. Set deg mål
  3. Unngå å lage bortforklaringar om kvifor du ikkje kjem deg i gang.
  4. Et nok
  5. Sov nok
  6. Gje deg sjølv premie
  7. Rydd bort freistingar
  8. Ikkje bruk opp viljen din på uvesentlege ting

Ingen av desse råda har særleg mykje med å vaske stoveglas å gjere, og dessutan var det ganske langtekkeleg å sitje her og leite etter medisin mot manglande vilje. Boka mi har eg lese ut og, så då kan eg vel like godt gjere noko anna keisamt, – som for eksempel å vaske vindauge.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

%d bloggere liker dette: